Etter ei natt på dørken (sjå forrige innlegg), gjekk me inn i dagen i spektakulære omgjevander. Etter å ha vore innom Ålesund, gjekk MS Polarlys inn Stordfjorden for så å tørna bortimot 90 grader styrbord inn Synnulvsfjorden, for så gå like krappt babord inn Geirangerfjorden. Så her gjekk det i kryss og krakje innover i landet.Som vestlending, med lang erfaring med større og mindre fossefall, tenkte eg at dette kanskje ikkje var den store eksotiske opplevinga.
Eg sette meg difor godt til rette innandørs, i ein ledig sofa med prima utsikt.
Då me sigla forbi fossefalla dei Sju systrer og friaren deira, var det kun friaren eg fekk med meg og eg fann ut at det var best å koma seg på dekk for å ta omgjevnadene i nærare augnesyn.
De syv søstrene er ein foss med omtrentleg fallhøgde på 300 meter. Fossen er danna av Knivsflåelvane.
Namnet har dei fått, då dei med full vassføring, kan likna på håret til sju kvinner.
På motsatt side av fjorden finn ein fossefallet Friaren (Skageflåfossen). Midt i fossen, er det eit tørrt område som har form som ei flaske. Soga seier at dette fordi friaren slo seg på flaska då han fekk nei på frieri til dei sju systrene.
![]() |
| Geiranger |
Eg har sett filmen "Bølgen", men at det var frå Geiranger, hadde eg heilt gløymt. Så då me nådde fjordbotn, kom diskusjonen med dei norske medpassasjerane som også stod på dekk, opp om kor vidt filmen hadde eit snev av realisme i seg eller ikkje.
Eg for min del vart mest oppteken av kor ein enda opp om ein køyrer "mini-Trollstien" som snirklar seg oppover fjellsida der inne.
Stakkars kong krabbe, hadde det ikkje så romleg i vasstanken sin. Men dusj hadde han. (heilt oppe til venstre i bildet) Og den benytta han seg av og det såg heilt bevisst ut.
Har kongekrabbe hjerne?
Ein tur med Hurtigruta anten den er lang eller kort, er å anbefala for folk som likar at reiser går sakte og lika å nyta. Eg følte det som ein slags sakte-tilstand eg lett kunne finna meg til rette i. Men denne gongen var målet nådd allereide i Molde.
Og her er eg. I dag mandag, startar Moldejazz og eg har plukka meg ut konsertar eg håpar å få med meg.
I går benytta eg dagen til å nyta stillheten i gatene og førebuingane til dagane som slett ikkje er stille i gatene.
![]() |
| Den tidlegare jazzcampen |

Jazzcampen ligg stille og forlatt utan eitt einaste telt.
Det var min fyrste overnattingsstad i Molde. Det var sommaren 1977 og eg var for ung til å på klubb. Campen var stappfull av ulike leirar, så det var nok å ta seg til berre ved å vera der ute.
Ein god del år seinare, overtok eg teltet til ei veninne som i embeds medfør, tok inn på hotell. Og eg opplevde at stemninga var om ikkje den same, så tilnærma lik.
Høg sosial faktor.
No er den tida forbi. Om det er av mangel på teltarar eller at grunneigarane har kasta inn handkle, veit eg ikkje.
Kvelden i går fekk eg tilbringa ilag med i gode vener med god mat og god drikke. Og etterpå sykla eg på lånt sykkel, attende til det som er min bolig for nokre dagar.
Eg har også fått lånt meg ein vannkokar, som tilfeldigvis står heilt i stil med medbragt termos.
Livet er herleg.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar