lørdag 13. juli 2019

Torvik - ein bil av, to folk på.


Sauene stod musestille då me ankom Torvik på Sunnmøre.
Hurtigruta forvilla seg inn på ein våg og la til kai ein stad med 17 hus og ei mengde sauer.
Og Hurtigrute kai.

Her kom det to folk på og ein bil forlet skipet. Ein truck lasta på nokre varer og så var me igang att.





Sola går i havet. Klokka er 23.00
Turen med Hurtigruta er kalla Verdas vakraste sjøreise. 
Til no seier eg meg samd i det. 

Eg er heldig og har fått dekksplass på MS Polarlys.
Den er ei lita Hurtigrute - trur eg. Eg har gått to rundar rundt dekk utan å gå på meg verken gangsperr eller andre slitasje tendensar.


MS «Polarlys» er et hurtigruteskip eid Hurtigruten AS. Skipet ble overlevert rederiet Troms Fylkes Dampskibsselskap i mars 1996. Skipet var byggnummer 223 ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, Møre og Romsdal, og kostet 511 millioner kroner. MS «Polarlys» har gått i fast rotasjon i hurtigruten siden april 1996. (Wikipedia)

Fyrste gong eg tok Hurtigruta, var sommaren 1977. Då gjekk turen frå Molde til Bergen. Då låg me strødd i soveposane våre, overalt. Og det rulla godt over Stadt. Alle rulla same vegen, heldigvis. Og me vart godt kjende, for å seia det slik.
Sist eg var på Hurtigruta, hadde me lugar. Då gjekk turen frå Trondheim til Tromsø. Då var me på MS"Ragnvald Jarl", om eg hugsar rett. Den var endå mindre, svartmåla og veldig koseleg. Det rulla godt då også og me blåhaldt oss i køye-karmane.  


MS «Ragnvald Jarl», nå MS «Sjøkurs», er et tidligere hurtigruteskip som ble overlevert rederiet Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i juli 1956. Skipet ble bygd ved det tyske verftet Blohm & Voss i Hamburg og gikk i fast trafikk som hurtigrute i perioden 1956 til 1995 (Wikipedia)


Eg skal ikkje så langt denne gongen. Frå Bergen til Molde, med ein liten (?) tur innom Geiranger.
Der har eg ikkje vore før.

På Polarlys har dei eit strikkerom. Oppi ei diger korg ligg det påbegynte strikketøy til fri benyttelse.
Og rundt meg her eg sit, er dei ferdige produkta i form av puter i alle fargar og utformingar. Nokon er også hekla. Artig påfunn.

Sist natt sov eg på golvet i salongen på dekk 7.
Då eg vakna, tok eg meg ein liten orienterings-tur.
Då fann eg dette rommet. Her sov det ingen. Her kunne eg fått meg eit digert rom heilt aleine, men mange sofaer og puter. 

Veldig greitt å veta, i tilfelle sydgåande har tilsvarande.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar