![]() |
| Utsikt frå balkongen til Arve |
Den fyrste "ferieturen" denne sommaren
Eller sommar var kanskje å ta litt i?
Her er eg uansett heime i mi eiga stove, etter nokre timar i buss. Setesdal Bilruter og NorWay buss-ekspress.
Og som eg har nemnt tidlegare, er dette ei reiseform eg trivst med.
Frå Kristiansand i strålande sommarver.
Opp gjennom Setesdalen til Haukelid.
Kor vart den vegen av? Eg må ha sove.
Fekk ikkje med meg verken Glidbjørg eller Byklestøylane - to stader i Setesdal eg har eit sterkt forhold til.
Dette var kallenamnet mitt medan eg gjekk på gymnaset, gjerne forkorta til Glidbjørg B. Støylane, som det stod på visittkortet mitt.
![]() |
| Like surrealistisk kvar gong |
Kaféen var stengt grunna tekniske problem og alternativet var å opphalda seg på Joker-butikken eller inni party-teltet.
Hjelp!
Det var difor ein lettelse å få vera med Setesdals-bussen ned til Spar-butikken. Der er det eit lite venterom, og kjekkare å sitja.
Eg rigga meg til med mat og kaffi og lydbok - og før eg riktig hadde svelgd ned kaffien, var det klart for avgang igjen.
Då var det bussbyte. Ein stappande full Haukelid-ekspress kom frå Oslo og plukka oss opp. Så bar det vestover i den.

Eg hadde sett for meg at me skulle køyra rakt inn i regnet, men det let venta på seg. I staden vart det ein flott tur over fjellet til Røldal og Odda. Med ljos himmel og grøne bakkar.

Odda.
Som no er by.
Kor eg har budd og fødd mine søner.
Ein by bygd opp kring landbruk og turisme.
Sidan kom tungindustrien både til Odda og Tyssedal.
No er det stort fokus på turisme igjen - med litt tungindustri.
No er det Trolltunga som dreg.
Trollet har stukke tunga si ut i tusenvis av år.
No har eg ei kjensle av at det, trollet, har lyst å trekkja den inn att.
![]() |
| Odda |
som det var.
Med unnatak av nye namn på
gamle matstasjonar og gamle
fabrikkar
![]() |
| Zinken (eller Boliden Odda AS, om du vil) |

Før eg har høyrt siste kapittel av lydboka mi, er me på ferja Jondal - Tørvikbygd.
Etter at Folgefonntunnellen var eit faktum, er turen frå Norheimsund til Odda halvert i tid. Dersom alt klaffar, er faktisk turen frå Norheimsund til Odda kortare enn turen frå Norheimsund til Bergen.
Det er litt løye å tenkja på.
Jondal - Tørvikbygd.
Tørvikbygd - Norheimsund.
Tørvikbygd - Norheimsund.
![]() |
| Bergevatnet |
Då sønene var små, var Berge-vatnet eitt av fleire ynda stader å stå på skeisser.
Etter at dagen på jobb, skule og barnehage var over, pakka me sekken med pølser og kakao på termos og køyrde til eit vatn med is på.
No, på denne tida av året, er det vassliljene som dominerer.
Nydeleg!

Heime.
Norheimsund.
Bygdalarm.
Vel ligg skoddo langt nedetter fjellsida når me nærmar oss Norheimsund.
Men når eg ser at "Bygda-bue" er kome på plass på festivalområdet på Meieritomta og scene-byggjinga er godt igang, går det ei bølge av glede gjennom kroppen.
Då ser eg at skodda lettar uansett.
Bygdalarm, for eg veit ikkje kva år på rad. Eg har kome ut av teljinga.
Ein festival eg har vore så heldig å fylgja sidan starten.
Sjølv om program og publikum, ligg eit stykkje utanfor det som gjerne er standard for mi aldersgruppe, kjenner eg at eg "eig" litt i Bygdalarm likevel.
Ein festival, kor eg har hatt den nydelege tittelen "Billett-kvinna".
Ein festival kor besteforeldre, foreldre og born, jobbar side om side til felles glede.
Ein festival som utvidar tilbodet på effektar, etter alderen på dei etterkvart, tilkomande borna til initiativ-takarane (dette siste har eg tenkt ut heilt sjølv). Baby-body med BYGDABABY på brystet. T-trøyer med BYGDAGUT/BYGDAJENTE på brystet.
Eg har helgevakt og må halda stand på KODE.
Men tankane vil stadig vera hjå deko!
Lukke til!
Eg er sikker på at sola vil skina.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar