tirsdag 7. mai 2019

Val av ord

Tenkeren
av Auguste Rodin
Kvar vart det av vanleg høfleg samhandling?

Korleis foregår val av ord? Kva styrer tankane i ein hissig debatt? Eller i eit anfall av eufori?

Dette har eg tenkt mykje på i det siste. Og sikkert fleire med meg. 


Min reaksjon på valet av ord frå vår nasjonale finansminister under festmiddagen til parti-årsmøtet, var at eg vart trist. Ikkje sint.
Nei, eg kjende meg rett og slett trist. 


Kanskje kombinert med at me fekk ein ny-gamal minister, gjorde det ekstra trist. 

Finansministeren har beklaga, men det hjelper så lite. Orda er uttalt og har kome offentlegheita for øyra. Riktignok vart det feira både framgang i partiet (?) og åremålsdag for ministeren, noko som kan få nokon kvar til å gå av henglslene. Men i offentleg stilling på dette nivået, ville eg tru at ein burde vega sine ord med nøysemd.   

Banning er ein måte å uttrykkja seg på. Og eg brukar det sjølv også. Helst når det trengst, men også i utide. Då kjenner eg ein dårleg smak i munnen og vil gjerne beklaga umiddelbart.

Eg er nok sikkert prega av ein oppvekst utan banning, for eg kjenner det smell i hjernen når eg høyrer andre kjem med eit kraftuttykk, meir eller mindre velplassert. Eg minnest godt mitt fyrste møte med Odda og industri-dialekten der. Eg var på kafé og hadde sett meg for å nyta ein kopp med varm kakao i vinter-kulda. Ved nabobordet sat det tre godt vaksne damer. Dei var det eg vil karakterisera som velkledde og alle hadde dei "pille-esker" i mink på hovudet. Lokalet var ikkje så stort og rett som det var, hoppa deler av konverasjonen deira over til mine øyrer. Det var jækla både det eine og hitt på nabobordet, noko eg fann fasinerande interessant og "eksotisk". OG heller uvanleg for meg som kom frå ytre fjordstrok. 


Mindre fasinerande var det å freista høyra ei lydbok av ein eldre norsk forfattar, no i nyare tid. Kan henda eg ville ha reagert annleis om forfattaren var mann? Men her var forfattaren var av hokjønn og las boka sjølv. Eg måtte melda pass. Det var banning langt ut over mine grenser, som slett ikkje er av dei mest snevre. Men dog. I tillegg skulle boka vera morsom. Humoren  formeleg drukna i all banninga. 



Attende til ordbruken i offentlegheita. Det er tydelegvis eit internasjonalt fenomen at ein kan slå om seg med ukvemsord i den politiske kampen om popularitet. Og det verste er at det fører fram. 

Forstå det den som kan.
Eg gjer det ikkje. 


 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar