![]() |
| Faksimile frå BA. |
I samband med det, vart eg intervjua av BA Tilfeldigvis vart eg med på eit bilete, som gjorde at dei skulle ha namnet mitt - og dermed var det igang.
Nokre fakta-feil vart det. Eg sa nok litt feil, og journalisten oppfatta litt annleis enn det eg meinte å seia. Men stort sett stemde det med verkelegheita.
Men sidan 1984 er nok det rette årstalet.
I etterkant har eg tenkt litt over det der med å vera frivillig på festival. Og eg har kome fram til at; anten er du sånn eller så er du ikkje. Og heldigvis, er det mange som er sånn. og det til stor glede og nytte som går begge vegar.
Eg er definitivt "sånn".
Noko som har ført meg vidare til uendeleg med festivalar. Både som frivillig og som gjest.Det som tankane mellom anna har dreia seg om, er; når bør ein gje seg? Alternativt, bør ein gje seg? Er det til glede og nytte for andre, at deler av staben er "gamle" travarar?
Konklusjonane er førebels; ikkje enno.
Å delta på festival, gjer meg så mykje glede og påfyll. Så mange fine møte. Så mykje bra musikk.
Og det er klart at ein også må kjenna seg nyttig og bruk for.
No er det eitt år til neste Vossajazz.
Før det er det Nattjazz og kanskje Moldejazz. Båtfestival, Hardingtonar og Bygdalarm.
Så får me sjå kva det vert til med frivilligheita etterkvart.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar