fredag 5. april 2019

Gullrekka er ikkje det same med ljoset på – ute.


Klokka er over 21:00 og ljoset står framleis på! 
Ute!
Kan noko skru det av??
"Nokon som har noko med det", som han skreiv, salige Ingvar Moe.

Klokka er kveld, eg vil vera inne, ha det mørkt og ta det med ro.
Ikkje vasa ute med eitt eller anna arbeid som bør vore gjort.

Nei, eg vil vera INNE. 
Eller alternativt sitja på altanen, men eit kubbeljos på bordet og nyta stillheten og roen og mørket!

Dette skjer kvart einaste år.
Og eg vert ikkje vane med det.
Kvar vår lurer eg på om eg landa i feil land, den gongen då.
Her snakkar alle om at alt blir så bra no når me får ljosare kveldar.
Berre ikkje eg.

Men så er her så vakkert!
Då må det berre tålast.

Eg held ut – til hausten pakkar oss inn att.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar