Etter at
billettprisen vart endra til eit nivå som kunne passa til dei aller fleste si
lommebok, har mangfaldet av passasjerar
endra til eit svært så representativt utval av samfunnet elles. Det er ofte
ganske fullt og det gler ein pendlar som meg. Busstilbodet vil mest sannsynleg halda seg og
gjerne auka også ?
Det
kanskje ikkje alle veit, er at på bussen er det lydt. Svært lydt. Du kan som
medpassasjer, låna øyra til dei ulike samtalane, uansett kor i bussen dei går føre seg. I
alle fall dersom dei som har samtalane ikkje dempar seg vesentleg.
Det er ikkje
ofte ein får privilegiet med å ha to seter for seg sjølv, lenger. Bussen er full og ein må dela sete. Og som nordmenn flest, helser heller ikkje eg med eg meir enn eit kort
nikk og eit smil, når setet ved sida av vert okkupert av ein medpassasjer.
Inni
hovudet derimot, der foregår det heilt andre tankar. Kven er denne personen? Kven er alle disse andre som er samla her på
bussen? Kor kjem dei frå? Kva gjer dei på? Eit mikrokosmos på i ein buss mellom
Bergen og Norheimsund. Nokre er faste og ein blir liksom litt "kjend"
med kvarandre. Men å utveksla namn, nei det gjer me då ikkje. Det går meir i "han
som kjem på på Bjøkheim", "han
som går av på Ådland" og "ho som jobbar på Kode".
Det skjer
ikkje så ofte at eg underheld meg med det som skjer i resten av bussen. Eg plar som oftast
vera langt inne i skrivearbeid, musikk eller ei lydbok. Eller så sovnar eg. Men fredagar er det
alltid veldig fullt på bussen og ikkje så godt å gjer så mange sprell. Og då lydboka var ferdig før me var
komne til Åsane, vart eg sitjande og sjå ut i lufta og tenkja over innhaldet i boka eg hadde høyrt.
Brått
var tankane over på han som hadde sett seg ved sida av meg? Kven var han? Han
hadde eg ikkje sett før. Etter ei stund med tankane attende på lydboka, oppdaga
eg at eg igjen var ute på viddene. Eg hadde lånt øyra mitt til samtalen framfor meg. Ikkje av di eg er så
forviten. Nei, det var meir det at dette var unge jenter som diskuterte klassisk
musikk. Og dei var godt skulerte i faget. Kanskje dei gjekk på musikklinja på
vidaregåande? Her var det snakk om cello og fiolin. Komponistar og
musikkstykker frå langt attende i historia. Dette fann eg fasinerande,
opplyftande og håpefullt.
Lenger
framme høyrde eg latter og sprudlande samtale mellom to damer. Dei snakka eit
språk langt, lang frå noko av det eg kunne forstå. Likevel gjekk det fram av
tonefall og gestikulering, at dette var ein lysteleg samtale. Hadde dei opplevd
noko? Var dei komne inn på skule? Hadde dei fått seg jobb? Eller var dei
generelt glade? Her var det mange mogelegheiter.
Samtalen ein
annan stad i bussen, uttrykte det strake motsette. Nokon hadde opplevd noko
ubehageleg og fekk hjelp og støtte frå ho som sat ved sida av. Det var tydeleg
at dei kjende kvarandre og samtalen gjekk føre seg heilt stille. Men det var
lett å sjå at her var det alvor.
Ein far
med eit barn, var på veg til Kvamskogen. Samtalen føregjekk på eit
framandt språk, men det var eitt språk eg forsto. Faren imponerte meg med å gjera
bussturen innhaldsrik for den vesle sonen. Og eg er sikker på at han med det
gjorde turen mykje kortare for denne. Skulle dei på hyttetur? Hadde dei ski med? Budde
dei i Norge? Hadde dei budd her lenge? Skulle dei treffa resten av familien på Kvamskogen? Hadde dei vore i snø før?
Mobiltelefon.
Eit teknisk vidunder til glede for dei aller fleste. Det er vanskeleg å ikkje få med seg telefonsamtalar gjorde på bussen. Høgt og tydeleg formidlar dei gjerne eitt og hitt, som eg vil kalla "too much information". Nokon har gjerne vore til ein kontroll på Haukeland Sjukehus. Heile sjukdomsforløpet og resultata med, vert formidla i tydelege ordelag. Det virkar som om mange trur at me ikkje høyrer dei, kanskje fordi me ikkje kan høyra den dei snakkar med? Ein kjapp beskjed kan tålast, men når samtalen varer og varer og varer! Det kan vera rett og slett ubehageleg.
Eit teknisk vidunder til glede for dei aller fleste. Det er vanskeleg å ikkje få med seg telefonsamtalar gjorde på bussen. Høgt og tydeleg formidlar dei gjerne eitt og hitt, som eg vil kalla "too much information". Nokon har gjerne vore til ein kontroll på Haukeland Sjukehus. Heile sjukdomsforløpet og resultata med, vert formidla i tydelege ordelag. Det virkar som om mange trur at me ikkje høyrer dei, kanskje fordi me ikkje kan høyra den dei snakkar med? Ein kjapp beskjed kan tålast, men når samtalen varer og varer og varer! Det kan vera rett og slett ubehageleg.
Eg veit
ikkje kva som går gjennom tankane på alle de andre som tek bussen. Men av og
til finn eg meg då altså i å observera og med det konkludera på totalt fritt
grunnlag. Det lagar seg ein heil historie eller fleire. Og kan henda dette ein dag, kan verta
til ein underhaldande fiktiv historie med røter i verkelegheita.
Kven veit.
Kven veit.


Fint skrevet:)
SvarSlett