søndag 13. januar 2019

Tid å skifta ut

Lærdalstunellen
Så var det tid å skfta ut litt igjen.
No er det kne nr. 2 som skal verta nytt og fint.
Og etter det dei skriftlærde på Lærdal sjukehus kan meddela, er eg på føtene att på tirsdag.
Dette lovar bra.
 
Med krykkjene under armen, gjekk eg på bussen på Trengereid og no er eg innstallert på eit rom med utsikt rett inn i stova til naboen.
Akkurat det må vera interessant for naboen.

Eg føler meg så underleg sprek og lurer på om eg har behov for dette nye kneet i det heile.
Så for å vera sikker, har eg tatt ein test-tur i trappa.
No er eg sikker. 



Eg kjenner meg velkomen. 
Senga har hypermoderne styring. Det er ikkje den ting eg ikkje kan heisa opp og ned og snu rundt.
Det er stille og roleg her. 

Lærdal er ein av dei turre bygdene på Vestlandet. 
Sist eg var her, då for å byta ut kne nr. 1, vakna me ei natt av at Lærdal stod i full fyr.
Det var dramatisk.

Eg har sett på YR at det skal vera både turt og kaldt komande veke.
Vonar det gjer at opptreninga også kan foregå utandørs.












1 kommentar:

  1. Håper du får deg et godt nytt kne, uten at gamle Lærdal ligger igjen i aske:-) Lykke til INGER - og hold oss oppdatert!

    SvarSlett