torsdag 13. desember 2018

I denne søte kontrastfylde juletid



For å reisa til min arbeidsplass, går vegen over Kvamskogen. 
Naturen utspelar eit nytt skue kvar dag. Noko eg kan nyta frå min losjeplass på bussen.
Det gjeld berre å halda seg vaken.
Sol på fjelltoppane eine dagen og neste dag er den borte.
Sola. 


Den eine dagen er det kaldt og kvitt
Og den neste er det vått og grått.
Og så er det kaldt og kvitt igjen.


Eg er svært glad i denne tida.
Til mørkare det er – til betre er det.
Til fleire ljos kan me kveikja.




I Bergen er det Julemarknad.
Når arbeidsdagen er omme og mørkret sveiper seg rundt oss, fløymer ljoset frå julemarknaden og formeleg dreg oss inn i "løvens handlehule".
Me handlar som aldri før.
Det er visst snakk om rekord igjen – i handling


Sjølv kjenner eg at eg får antydning til panikk når eg kjem inn på den koselege julemarknaden. Eg greier berre ikkje å forhalda meg til så mange tilbod tett i tett. Har eg eit bestemt mål, kan utføra det og så gå ut att, då går det bra.
Då kan eg til og med kjenna den gode stemninga.

Då me 
året 1997/98 opphaldt oss i Bremen, var me på julemarknad omtrent kvar dag i heile desember.
Kjensla av kø eller opphoping av folk, kan eg ikkje hugsa å ha opplevd der. Kanskje var området var større?

Det eg derimot hugsar best, er middelalder-julemarknaden. Ein del av området var øyremerka middelalderen. Der var det levande flammar, mange gode luktar.  Flammeslukarar og jøglarar. Damer i fotside kjolar som selde små flakongar med oljer. 
Brende mandlar, rista kastanjer og Glühwein frå hand-dreia krusMiddelaldermusikk og  middelalder-kostymar.
Opning av luke i ein kjempejulekaleder på torget.  



Eg er framme i Bergen. 
På vegen frå bussen og bort til arbeidsplassen min, møter eg to-tre damer mest sannsynleg frå Romania, som set med papp-koppane sine. 
K
var 10. meter set dei. 
I allslags ver, med eller utan paraply.
I våre dagar med lite reine pengar, kan det ikkje vera det store utkome dei har.

Eg helser god morgon og det stikk i hjartet.
For uansett ærlege eller uærlege hensikter – deira jobb er ein drittjobb!

Kontrastane er enorme – i denne søte juletid.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar