tirsdag 15. januar 2019

Nytt kne i Lærdal.

Då var det gjort.
Nytt kne nr 2 - i venstre bein.

Då eg skulle trillast opp att på avdelinga,
synte det seg at det var nøyaktig 5 år sidan sist - på klokkeslettet.
14. januar 2014 - kl 08:00
14, januar 2019 - kl 07:45

Og det var heilt utilsikta.
Slik greier eg å cirka tenkja meg ut framhaldet på denne fylgjetongen; Nytt kne i Lærdal.
"Man måste jamföra" (frå filmen itt liv som hund)




Me er heldige. Me vert tekne vare på etter alle kunstens reglar.
Lite smerter, god mat, stille og roleg, snille pleiarar på alle nivå.
Flott romkamerat!
Ho er 78 eg er 58 og me er jamgamle.

Det er mykje tid å tenkja når ein er på ein slik plass som dette. Og det er godt å ha tid til det - for då kan ein gjerne snu litt på oppsettet i hjernen,
Rydda opp, på ein måte.

Tankane går sjølvsagt attende i tid og til alt ein har fått lov til å oppleva.

Kva ein har sett og kor ein har vore.
Eg kjenner meg privilgert, og eg kjenner på eit sakn.
Thomas og eg på Island


Sist eg var her, vart eg henta av Thomas.
Og då eg skulle på etterkontroll, kombinerte han turen med overraskelsesovernatting på Fretheim Hotel i Flåm.

Det gjeld å gjera livet så lett som mogeleg.
Me har berre eitt.

Denne gongen vert det buss til Voss eller Bergen og så buss til Norheimsund.
Som den observante lesar kanskje har fått med seg i eit tidlegare innlegg på herverande blogg, så likar eg å ta buss.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar