onsdag 16. januar 2019

Nytt kne i Lærdal - dag 3


Det snøar i Lærdal.

Innnandørs lærer me å gå med krykkjer.
Og heldigvis for oss, er det eit forbigåande fenomen.


Av og til treng ein ei krykkje å støtta seg til - 
Det kan vera i samband med skade eller operasjon i beina.
Og sume tider treng ein ei krykkje i form av litt hjelp til å halda seg oppreist.


I mitt tilfelle, er det heldigvis i det fyrste. 



Og jammen gjorde det godt å forflytta seg på denne måten. 
Sjølvstendig og utan oppsyn, er me no klare for å bevega oss ned i kantina på eigne bein for å eta kvelds. 

Store framsteg i ei lita verd.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar