torsdag 17. januar 2019

SPA med noko attåt.

Eg hadde tankar om å at det skulle forsvinna nokre kilo under dette opphaldet, nett for at kroppen skulle ha betre forutsetning for å bæra det nye kneet.
Men den tanken måtte eg berre revurdera i fyrste sving.
Maten her er aldeles nydeleg, til sjukehusmat å vera.





Og apetitten er det ikkje noko å sei på. Tvert imot.
Det vil sei, det er der - det er betre enn normalt!
Så i disse tider, med diskusjon om det er aktiviteten eller maten som gjer oss tjukke eller tynne, ligg eg tynt an uansett!!




Og SPA-behandling?
Ja, den går meir ut på streng fysioterapi og kuldebehandling!
Og det er SPA i aller høgste grad.

Det er no slutt med frukost på senga. Me har gått over til rehabilitering. Og ein viktig del av opptreninga, er å gå trappa ned til kantina.


Der er det servering og supergod stemning rundt bordet.


Frukost, middag og kvelds!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar