søndag 18. november 2018

Om å glida inn i helga


Eg trur det var i 1994, at me starta opp Lydia - forum for levande musikk i Kvam.
Eldste sonen vår var 4 år og han meinte at:
"Da må jo heita Lydia, fø da e jo lyd i da" 

Og Lydia vart det.
Me haldt på i mange, mange år - så lenge det var kjekkt å halda på - som eg så kjekkt sa det til Hordaland Folkeblad ved eit høve.

No har Lydia vakna til live att og har allereide arrangert mange konsertar og dansekveldar med. Det er slett ikkje alt eg har hatt høve til å få med meg.
D
et er mykje som skjer både i vekene
Eg ser på bildet at eg saknar det flotte, svarte
bakteppet som Lydia fekk frå den Nasjonale Scene.
Dersom nokon veit kor det er, sei frå!
og i helgane.

Kva dag som er best, kva musikk folk vil ha, kor arrangementet skal finna stad, kor mykje billetten skal kosta, er det andre arrangement same dag eller var det eit liknande for ikkje lenge sidan?
Det er like mange gode argument og årsaker til oppmøte, som det er innbyggjarar.
Uansett, me var 10 heldige sjeler som fekk lov til å glida inn i helga saman med Gymnos, no fredag som var. 

Det kan henda det var fleire sjeler der, men dei kunne me ikkje sjå.

"Velkomen til intimkonsert" sa saxofonisten Torbjørn Skjold. Og i Ting og Tang (kjellarlokalet til Thon Hotel Sandven i Norheimsund) applauderte me så høgt me kunne.

Dei resterande i bandet var 
Bjarne Øymyr - piano
Alexander Grieg - bass
Nils A Drønen - trommer

Eg takkar Lydia for tålmodigheit og stå på vilje.
Eg lovar å stilla opp så ofte eg kan! 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar