mandag 8. oktober 2018

Haust over Hardanger


Utsikt frå buss nr 925 - del 1
Fyrste arbeidsdagen etter ferien, starta med stengd tunnell og regndropane hadde unekteleg form som snøkrystallar over Kvamskogen.
Det var ein start på kvardagen med futt i, kan ein seia.

Som eit takras landa det i hovudet på meg; velkomen att!
Heldigvis gledde eg meg til å koma attende til arbeid og kollegaer.

Utsikt frå buss nr 925 - del 2




Eg må innrømma at det var litt av ein overgang frå nesten 30 grader pluss og sol til pøsande regn og 5 grader pluss.

Fargesprakande haustfargar og snø på toppane hjelper litt.
Når mørkret då i tillegg kjem når det skal og det er fyr på peisen, snik kosen seg inn under huda litt etter litt.


Eg kjenner meg heldig. Og den kjensla er det viktig å halda på.Verda rundt meg og oss her i Hardanger, er som reine paradis å rekna. I alle fall for dei fleste. Og sjølv for dei som ikkje har det så bra, er det så veldig mykje betre enn så ufatteleg mange andre stader i verda.

Dette tykkjer eg mange gonger det er vanskeleg å forhalda seg til. Og mange med meg.


Utsikt frå heimen
Men det eg kan forhalda meg til, er at me så langt eg kan forstå,  har eitt liv. Kvar enkelt må prøva å gjera det beste ut av det livet. Det innber også å velgja kva ein vil kjempa for og med eter kva ein har tid og krefter til.
Nokon har verken tid eller krefter.
Det lyt me godta.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar