søndag 30. september 2018

Retur



I enden av regnbogen
Med stiv nakke og aldri så lite behov for ein dusj kor det kjem ut meir enn tre strålar, set eg her på flyplassen i Chania.
Flyet går klokka 04.15.
I eit anfall av å spara kanskje 200 kroner, kva veit eg, skal eg altså ta eit fly som lettar kl 04.15.
Kor sprøtt er det?
Det positive med det, er at det er  mellomlanding i København, kor det er nett nok tid til ein betre frukost og traktekaffi. Ikkje det at eg er vorten prippen på mine gamle dagar. Men det er litt sånn med kaffi som med andre nytelsesmiddel, det kan verta nok pulver etter ei tid. Dette seier eg berre av di eg eigenleg treng nokre fleire gode grunnar til å reisa heim att, enn at ferien faktisk er over. For etter det eg har fått nyss om, er det ca 7 grader og full regnføring på vestlandet. Dessutan var madrassa på gjestehuset ualminneleg hard. Så pass hard at det var umogeleg å slappa skikkeleg av utan å avslutta kvar kveld med ein dose heimelaga raki. Og det var jo "jysla bale"

Syklon
Det venta syklon i det sørlege Hellas i disse dagar. Skulane i Chania vart stengde. Og turistar er bedne om å gje beskjed kor det er til dei respektive myndigheiter.
Men eg kan ikkje seia at det er mykje vind å sjå så langt. Det er sendt ut farevarslar og eg håpar eventuelle skader ikkje vert katrastofale. 

Paradis
Dei siste dagane i Paradis, har gått med til å pleia den tidlegare nemnde stive nakken og å sjå mest mogeleg av nærmiljøet. Det vart nok ein middag  hjå herlege Palio Kantouni oppi bakken. Eg er så glad eg har oppdaga den staden. Eigaren er ein svært spesiell person som ikkje veit det beste han kan gjera for deg. Og det manglar ikkje på noko ting. 
Sist men ikkje minst, han spela musikk av Manos Xatzidakis, noko som var aldeles nydeleg.
Eg har nemnt noko om å verta åndeleg tidlegare.
Denne musikken kan senda deg ut i ein åndeleg atmosfære – utan tvil.
Kvelden toppa seg då skyene brått opnar eg opp og fullmånen braut fram og kasta strålar over oss.


Kva det er med meg og hjul på koffertar, veit eg ikkje. Men på vegen missta eg då hjulet på ein fletta ny koffert. Det er den tredje kofferten eg opplever dette med. Og drassa då på ein haltande koffert frå buss til buss Kreta på langs.
Men det gjekk bra. Hadde heldigvis tre andre hjul som hang fast.

Heime att 
Og ryktene var sanne. Her ausar det ned i strie straumar. Steinsdalsfossen er kjempestor.
Madrassa i senga mi er akkurat passe, dusjen har mange strålar og det same gjer eg.

Eg takkar meg sjølv for ein strålande ferie og har alt byrja å kikka på fly og overnatting for 2019.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar