Det er eg vorten vane med.
Kaffi, strikketøy (ja - tjukk ullgenser til og med) og så frukost på terrassen.
Kva skal eg finna på idag, tru?
Spinalonga - igjen
Så vart det Spinalonga - som to gonger tidlegare.
I fylgje den venetianske kartografen Vincento Coronelli, har ikkje øya alltid vore ei øy. Han nemnde i 1526, at venetianarane praktiska tala skar av denne delen av halvøya Spinalonga, og skapa øya på kunstig vis.

I 1578 vart øya bebygd med festningsverk og husvære. Og i åra som kom, vart byggverka utvikla, utvida og forsterka.I 1715 erobra osmanske tyrkarar øya og haldt til der fram til 1903.

Det var faktisk aktivitet i den vesle kyrkja den dag idag. I ein eim av honningljos, stod
presten og messa.
Sjølv om det foregjekk på gresk, gav det ein fred og ro og ein god start på vandringa vidare.
Som sagt, var Spinalonga eit fort. Og øya husa over 1100 innbyggjarar på eit tidspunkt.
Sjølv om det foregjekk på gresk, gav det ein fred og ro og ein god start på vandringa vidare.
Som sagt, var Spinalonga eit fort. Og øya husa over 1100 innbyggjarar på eit tidspunkt.
Og heldig for meg, kom eg dit før den stor bølgja av besøkjande frå alle omliggjande etablissement, gjekk i land. Så det var berre å rusla i fred og ro og oppdaga noko nytt som eg aldri har sett før.
Da ser ut te at du har 👀 med deg og frå ditt utgangspunkt med utsikt får innsikt i kven, kva og kor du e. Kjekt.
SvarSlett