torsdag 20. september 2018

The long and winding windy road




Ekskursjon på sykkel.
Etter  litt rekognosering i nærmiljøet, fann eg her om dagen ut at dei hadde fått nye trøsyklar på sykkel-utleigen oppi gata. Min gode ven Rolf frå Australia og eg, bestemde oss difor for å leiga oss syklar for ein dag. 

Målet var opp til eit fjellplatå, kor der er 14 vindmøller og vidare til ein liten landsby kor det skulle vera ein taverna som serverer god mat.
Med rikeleg med vatn i sekkene la me trøstig iveg. Dette var no ingen ting for  spreke folk som oss. Opp skulle me.
At det riktignok var ein av dei varmaste dagane med ca over     
+ 30 ° trong ikkje vera noko hinder. Og med nye, fine syklar med 9 gir, skulle dette gå som ein leik. 

Sykkelen eg leigde i fjor, hadde tre gir og knapt nok det. Og eg kom meg no eit stykkje veg på den også.

Og utsikta var det i alle fall ikkje noko å sei på


Det gjekk kanskje som ein leik, til vegen begynte å gå oppetter fjellsida.  Men så var det ikkje heilt leik lenger. Det var kjempvarmt og det var bratt og vegen hadde ikkje fått noko overflatebehandling enno.
Men opp skulle me. Her var det berre å hala syklane med seg oppetter.





Då me endeleg trudde me hadde nådd toppen, synte det seg at det enno var meir veg att rundt svingen. Og jammen dukka det ikkje opp ein firhjuling med eit tysk ektepar oppå. Dei var på veg ned, noko som då antageleg gjorde at dei visste kor langt det var att til toppen.
Me stansa dei og spurde kor langt det var att og dei såg på oss og smilte.
Dei kunne fortelja at det var sånn ca 2 km att og at vegen ned att på hi sida, hadde ein litt betre standard.
Jammen er eg glad han sa 2 km, denne blide tyske mannen på firhjulingen! Hadde han sagt 6 eller 8 som det i røynda var, hadde me jo snudd på flekken. Det var gutten sin det!
Kvar gong me kom rundt ein sving, så var det ein ny sving langt, langt der framme. Og rundt den svingen langt, langt der framme, var det jammen ein ny sving langt, langt der framme.

Heldigvis var me samde om at me ville opp. Og lovnaden om ein hyggjeleg taverna på toppen og draumen om eit deilig bad etter turen, haldt oss gåande. Me haldt oss sånn nokolunde friske på vegen også. Sjølv trudde eg at eg skulle besvima kun to gonger og blodtrykket til Rolf haldt seg sånn nokolune stabilt eller kanskje litt fallande.



Og der – der høyrde me ein ny lyd. 
Ingen fjelltopp utan ei kyrkje
Flopp, flopp, flopp! Vindmøller!

Og der såg me dei også! Og høyrde dei, endå betre.
14 i talet. Med unnatak av ei, gjekk dei alle. Og me forstod fort kvifor det var plasserte der dei er. Det blæs!

Vegen vidare hadde asfalt, og me la oss på trøene i motvind.
No hadde me tenkt å finna tavernaen. Me sykla og me sykla. Forbi kraftstasjonen (som diverre ikkje var den etterlengta tavernaen) og vidare og vidare. Vegen begynte sakte å gå nedover. Vinden blæs kraftig imot og me måtte faktisk trø for harde livet, for å gå på fram.
Men kor var denne tavernaen?


Vegen svinga nedover og me svinga med. Eg sykla fyrst og Rolf etter. Inn til høgre og litt ned og litt opp. Der var den!

Aldri har maten vore så kjærkomen og ølet smaka betre!


Godt såre bak, nådde me ned att til Plaka. Det kjendest som om me hadde nådd både Galdhøpiggen og Mount Everest på same dag. 

Så noko badestopp var det ikkje snakk om før syklane var levert.
Me var begge samde i at det hadde vore ein fantastisk tur!














1 kommentar:

  1. Tykkjer eg fornemmar to såre rompe, fire ømme lår, fire stive leggar og sveitt hår ................ og mest av alt saleggjerande smak av leskande øl.

    SvarSlett