
Det er berre rett og slett deilig å ikkje gjera noko heile tida, tenkte eg få eg vakna idag.
Det er lite å sei på utsikta.
Og kaffi på senga smakar fortreffeleg med open terrassedør.
Ved nærare ettertanke, har eg likevel kome fram til at eg har gjort noko heile tida, sidan eg reiste frå Norheimsund.
Sjøen er krystallblå og akkurat passe varm.

For dei som ikkje kjenner meg, kan eg fortelja at sjøen er det elementet ved sida av luft, eg kjenner meg mest heime i. Og ligg eg ikkje uti og leitar etter fisk eller anna som lever der, så nyt eg synet av den salte vegen ut i verda.
Idag hadde eg gleda av å møta på eit svart sjøpinnsvin. Arten har nok eit namn på latin, men eg er ei enkel sjel frå Hardanger, og held meg til det enkle namnet sjøpinnsvin.
Like etterpå var det nokre småfisk som nappa meg i låret. Og då det heile toppa sen med at ein sjøslange sumde forbi, fann eg det best å sjekka om nokon av artane kunne vera giftige.
Min gode ven Nicos, kunne fortelja at slangen pleidde å eta opp damer kvar mandag. Og sidan det er laurdag idag, såg han ingen fare.

Det er mange båtar å ta til ulike destinasjonar.
I kveld vert det lokal raudvin og Snacker på terrassen. Eg har handla på butikken til også ein god ven, Sharon. Ho veit kva eg vil ha.
I morgon tenkjer eg at det vert båttur og middag på The Hope.
Sume hev det soleis, feriera med nytelsen av å ikkje gjera noko. Andre har vanskar med det å takla feriens tankar, ord og aktive gjerningar. Dei kan gå frå sans og samling så snart dei i solsteiken med høg faktor i solstolen på sandstranda går ut på tur og opplever kultur saman med andre som nyt alt og alle så snart dei opplever syn, lukt og smaken av tid og stad der dei til ei kvar tid er. Nyt ferien Inger. Den kunsten kan du. Her heima i sør pissregnar det.
SvarSlett