Somarsesongen er full av framandspråklege og dei lurer på dette namnet – KODE.
Så kva svara ein stakkars resepsjonist på det?
Der er ei mengde med svar, så eg gjev dei som oftast sjangsen tl å leggja i det det dei vil.
Men kanskje ein kode inn i kunsten, kan passa?
Så kva svara ein stakkars resepsjonist på det?
Der er ei mengde med svar, så eg gjev dei som oftast sjangsen tl å leggja i det det dei vil.
Men kanskje ein kode inn i kunsten, kan passa?
Det betyr for det fyrste starten på eit nytt kapittel i livet.
Det betyr pendling med buss frå Norheimsund til Bergen. Noko som har synt seg å vera ein svært så behageleg start på dagen. Det kjennest som arbeidsdagen startar idet eg finn setet mitt og at eg derifrå har fri tilgang til kva eg måtte finna for godt, fram til me svingar inn på buss-stasjonen i Bergen.
KODE betyr at eg har funne fram kunsthistore-bøkene frå studie-tida. Det betyr at eg til min store glede, faktisk hugsar det eg har lese og det eg repeterar. For i tillegg til spørsmålet om kva "KUDE" mean, dei spør sjølvsagt om kunstnarane som er presenterte på dei ulike bygga. Og det er ikkje så reint få.
KODE består av 4 bygg i sentrum og tre komponistheimar. KODE 1, KODE2, KODE3 og KODE4. Troldhaugen, Siljustøl og Lysøen.
Eg har min faste base på KODE4. Der har me mellom anna, fleire verk av Picasso, noko svært mange veit og ynskjer å ta i augnesyn. Eg er stolt av å kunne nikka stadfestande, når gjestene spør etter Picasso.

Reisa starta med ei lita rundreise i nærmiljøet. Og der, i vegkanten uti Strandebarm, fekk eg i forbifarten, auge på noko svært uventa. Om me ikkje kan presentera solsikker av Vincent van Gogh på KODE, kan eg herved presentera live solsikker frå ein vegkant i Strandebarm!
Det var slett ikkje verst.
Reisa vidare
går litt på kryss og tvers av sør Norge, før eg endar opp i mitt
"paradis" på Kreta.
Eg vonar de har lyst å vera med på turen og gler meg stort til å samla ord og bilder til dykk.
Eg vonar de har lyst å vera med på turen og gler meg stort til å samla ord og bilder til dykk.
Velkomen!
God velfortjent ferie Inger☀☀☀☀
SvarSlettTakk, og god ferie!
SvarSlettHjarteleg velkomen til 'syden' Inger, men va da nødvendig å ta med deg alle dei våtaste regnbygene (80 mm pissregn på to timar) frå by'dn te Kristiansand?
SvarSlettUansett regn, vær og vind, kjekt vart da i to daga med sprudlande verbal prat, god persisk mat og drykk i rause glas med og utan stett. God reis vidare!
SvarSlett