Det går ei perlerad av eit namnemangfald gjennom Setesdalen.
Det slo meg då eg fylgde med på stoppestadene til Setesdalsekspressen igår.Grasbrokke, Lislefjødd, Rotemo, Glidbjørg, Byklestøylane, Kveste og Flårenden.

Finst det andre stader i Noreg kor dei kan skilta med stadnamn i denne klassen?
Ikkje det eg veit, i alle fall.
No har eg ikkje reist i heile Norge, men eg kjenner ikkje til noko meir fargerikt når det kjem til namn.
Medan eg gjekk på gymnaset hadde eg kalle namnet Glidbjørg Byklestøylane (eller Glidbjørg B. Støylane). Namnet fekk eg av ein ven som kom heim frå ein køyretur gjennom Setesdalen.
Men at det finst så pass mange for oss hardingar, fargerike namn i distriktet, var for meg nytt.
Stoppestadene
på Sørlandsbanen var ikkje fullt å fargerike, men dog ein rikig så fin tur.
Oslo.
Kultur. Museum.
På KODE spør mange av gjestene om kor ei kan sjå mellom anna den berømte versjonen av Skrik.
Og elles kva som er å finna på Munch-museet.
Så etter ein god del år uta å besøkja evenementet, gjekk turen direkte dit.
Men der var det stengt. Det vil seia, det var eitt rom ope og esten var under montering.
Så utan å verta så svært mykje klokare, tok eg beina fatt i retning Bygdøy-båten.
Vikingskip, KonTiki, Fram og Gjøa.
Og her er det varmt og godt. Og vakkert. Og no skal eg bada.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar