Då eg såg ei japansk dame sitja midt oppå Hardangervidda og spela Hardingfela kledd i ein prikkete kjole, gjekk tankane mine til Yayoi Kusama.
Eg var heldig å få oppleva utstillinga av hennar kunst på Louisiana museum utanfor København.
Og etter det har ikkje ein prikk gått forbi meg utan at eg har tenkt på henne.Hennar tvangsnevrosar endra livet hennar. Det utvikla seg til ei verd av prikkar. Ho har gjort prikkar til sitt levebrød, sitt varemerke, sitt alt.
Ho har gitt prikkar ei ny og utvida meining. Ho har tatt prikkane over i ein ny dimensjon over heile verda.

Men ellers i livet, vil eg påstå det er nokså mange prikkar.

Nokså mange i talet. Og slik eg ser det no, ganske sjarmerande. Det var tydelegvis ein arv av mi kjære mor. Ho hadde tilnamnet "prikkanås" som liten.
Etter kvart som åra har gått, har prikkane endra innhald og namn. No heiter det ikkje frekner lenger. No heiter det aldersflekker, solflekker eller leverflekker om du vil og er fint fordelt over heile kroppen.


- men likevel ein irreversibel del av livet.
Riktignok kan ein visst dempa flekkene med smørja seg inn med ei blanding av eplesider-eddik og kvitlauk, men det har eg til gode å testa ut. Det får berre vera slik det er i det departementet.
Og når eg fyrst er inne på dette med alder.
No må gjerne brillene på, for at ein skal få auge på dei minste prikkane rundt oss. Og ikkje ein gong då er dei alltid så lette å sjå.
Eller kanskje me ikkje har lyst leggja merke til dei. Lettare å sjå dei større konturane og forhalda seg til dei. Det er så mange av dei og dei endrar seg så forferdeleg fort.
Prikkar, pixlar, oppløysing. Har me mange nok pittesmå prikkar, dannar det seg eit vakkert bilde.

Det har eg skreve om tidlegare, men for å gjenta meg sjølv - det var ei oppleving for livet på så mange vis.
Med heim att i kofferten, kom det mellom anna med nokre små representantar for lokal kunst.
Og eg treng vel ikkje gå i detaljar - her er eit lite døme.
Å flyga over lange distansar, høgt over jorda si overflate, gjer meg tankefull.Me er små små prikkar i den store samanhengen.
Er me mange nok, dannar det seg kanskje eit vakkert bilde?
Mange års røynsle med pil og boge.
Olav H Hauge
Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå å dirra!
Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka opp pilene,
gå tilbake prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
nett den, der
skal pili stå å dirra!
Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka opp pilene,
gå tilbake prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirrar:
Her er òg eit midtpunkt.
Her er òg eit midtpunkt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar