tirsdag 25. september 2018

Stein på stein på stein

Brulagt veg


Eg siterer meir enn gjerne, nok ein gong,  diktet av
Olav H Hauge ;

Eit ord
Eit ord 
- ein stein 
i ei kald elv
Ein stein til -
Eg lyt ha fleire steinar 
for å koma yver







Anyone?


Det imponerer meg nok ein gong, kor dei utnytter stein i denne delen av verda. 

Overalt er det gjerde, hus, murar, gater i dei mest kunstferdige steinformasjonar.

Stein i alle former og storleikar vert nytta  i ei eller annan form.

I bygningar i luksus-klassen 





og i (kanskje) komande oppussingsprosjekt.
Det er diverre mange hus som står på denne måten. Det er trist å sjå og eg undrar meg alltid på kva det er som ligg bak. Midt mellom prosjekt i ein luksusklasse eg aldri har vore innom dørane på, ligg dei der.
Kva skjedde?








Ei vandring i fordums tid anno 2018, kan gjera den mest ureligøse fylt med ande. 

Og når det i den stille gate dukkar opp eit levande menneske, som i tillegg kan bidra med kald drikke og salte grønsaker, ja då vert ikkje anden mindre.



Maria







Eigenprodusert steinskulptur
på stranda














Attende i verkelegheita, tek kreativiteten overhand, og det vert bygd kunstferdige skulpturar innimellom bad i krystallklart lunka hav.

I kveld er det fullmåne.
Eg berre nemner det.


























3 kommentarer:

  1. Einig Inger! Skritt på ei gate, ein veg, opp trapp, forbi hus, over mur eller bru utan stein er ein tur utan naturens kultur.

    SvarSlett
  2. Godt tenkt og godt skrive. Eg vil ha det i minne når med dreg til steinlandet Italia på sundag. Nærare bestemt Santa Maria di Castellabate.
    Mvh Oddvar S

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha, Oddvar.
      Og god tur til Italia!

      Slett