I dag her
vore den gladaste dagen.
Bergen kokar i regnbogar i utallige variantar.
Glad musikk fløymer ut over Lillelungeren, som fort får meg til å gå i takt, der eg går mellom dei ulike KODE-bygga i embeds medfør..
Eg får lyst å dansa.
Glade folk over alt. Store smil og mykje kjærleik.

Det
starta då bussen kom inn til Byd’n.
Ei regnboge-kledd ung jente formeleg hoppa av bussen rett i armane på ei anna regnbogekledd jente.
Forventningsfulle gjekk dei mot utgangen og det dukka opp to regnboge-kledde jenter til.
Fire unge, glade, skeive jenter på veg mot ein glad parade og feiring i hjarta av Bergen by.

Det er
ikkje mange år sidan det var straffbart å vera skeiv i Norge og mange andre
land i Europa.
Det er framleis straffbart i mange land.
Det er ein menneskerett å få lov til å elska kvarandre. Difor det viktig å syna og ikkje gøyma!
Eg er stolt av at me bur i eit land der skammen er i ferd med å fordampa!

Lenge
leve kjærleiken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar