søndag 26. november 2017

Dagen med stor D

Det starta med at eg så vidt unngjekk ein "snuble-brustein" utanfor blomabutikken i Grova, etter å ha vassa glad og nøgd, i 30 cm nysnø, ned til 9-bussen. Eg gledde meg til nok ein kjekk dag på KODE.

Då eg var litt tidleg til bussen, stakk eg innom min tidlegare kollega på Thon hotel Sandven og ho kunne fortelja at det hadde gått ras i Tokagjelet.
Eg informerte sjåføren då bussen kom og me tråla nettsidene til vegvesen, Yr og Skyss. Men det såg ut til å vera klar bane.
Så som einaste passasjer, sette eg meg godt til rette for ein trygg og god tur til Byd'n.

Men før fyrste tunnell var det full stans. Nokre bilar valde å snu, men bussen og dei fleste andre tenkte at her var det berre å venta. Og det var lurt - mindre enn 20 minuttar seinare var me på veg vidare medan snøen lava ned i store flak.
Vel framme i Bergen, nådde eg jobben i god tid og fekk laga både kaffi og knaska i meg eit knekkebrød, før eg skulle avløysa resepsjonistane så dei kunne få seg ein pause.

Der dukka opp ei lita utfordring. I disse influensatider, er det vel ikkje så uvanleg, men omvisaren til den mest besøkte utstillinga vår, Directions av den japanske kunstnaren Chiharu Shiota, dukka ikkje opp. Så der stod me med 30 forventningsfulle folk men ingen omvisar. Det rykka kraftig i omvisar-genet mitt etter å steppa inn, men utan den utvida og nødvendige informasjonen kring utstillinga, nytta det ikkje å tenkja på det eingong.
Me måtte avlysa. 


Så etter litt forseinkingar, kunne resten av staben få pausane sine og eg min.

Då det deretter var klart for ny runde, prata eg meg ut døra saman med to kjekke, små karar. Utan å sjå meg for, gjekk eg rett i den nye fine lykta med levande ljos..... Og der låg den, med stearin overalt og sprekk i glaset.


Etter endt arbeidsdag, gjekk turen innom Pepperkakebyen.Sonen min han Gaute, har saman med medstudentar, laga kopi av forskningsskipet G.O.Sars, og det måtte me ta i augnesyn. Den var fint plassert midt i utstillinga, 
med trål og det heile.




KODE var også sentralt representert. Studentar ved Bergen Arkitekthøgskole står bak produksjonen. 

Eg vandra svært varsamt gjennom det skjøre byen - og det gjekk vel.
Turen heim gjekk på bare vegar.
Berre brøytekantane vitna om snøfallet me fekk tidlegare på dagen.
Me lever i eit mangfaldig land!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar