torsdag 28. september 2017

Det meste har ein ende





Så var den her då - dagen eg har grua meg litt til.
Med dunder og bråk, er eg attende i Heraklion.
Og her er det mykje lydar!!!
No er det heilt vanlege by-lydar og eg merkar at eg veldig fort har vant meg av med dei!






Meir buss til folket!

Men det eg hadde gledd meg til, var å ta buss. Ein skulle jo tru at eg får nok av det i kvardagen, men neidå. Buss er kjekkt! 

I forsøk på å dokumentera kor smale vegane kan vera her til tider, tok eg bildet som vist her - men det einaste eg oppnådde, var å få spegelbilde av setene i bussen. Av den årsak, at rett utanfor vindaugene, befant det seg ein varebil. At det i det heile var mogeleg å passera, er framleis for meg ei gåte.



Meir yacht til folket


Her er yachten til ein veldig kjent og velståande russar som eig nokre fotballag og diverse, i tillegg til denne yachten her.

Han har slått seg til i nabolaget for ei tid, og susar rundt i lettbåtane og helkoptera sine.
Og lettbåtane får plass i garasjane sine, INNI skroget forut, når dei ikkje er i bruk.
Ganske snedige greier.


Kanskje ikkje fullt så strigla ombord i denne fiskebåten då. Men sjarm har den!





Skikkeleg turist

Idag har eg rett og slett vore skikkeleg turist. Eg har vore på museum og eg har tatt guida busstur rundt heile byen.
Og slikt vert ein svolten av.
Om det var det eller om at maten faktisk var heilt spesielt god på denne staden, skal vera usagt. Det vil sei, det må verta sagt. Det var aldeles overjordisk. Berre så synd at eg ikkje kan greske bokstavar og kan fortelja kva restauranten heiter!

Tusla så vidare oppetter gata og vart ganske overvelda av alle lydane og alt folket.
Difor gjekk eg innom ei vakker kyrkje.
Der var det roleg og godt og levande ljos og røykjelse.
Balsam for sjela.

Konsert


Og rett ved, havna eg på konsert.
I kommunehuset hadde dei utstilling av strenge-instrument. Eg trudde fyrste dei var alle frå Kreta, men det synte seg at dei var heimehøyrande i landa som ligg mellom her og India.
Særs sterk slektskap også i musikken.


Utstillinga skulle avsluttast med ein konsert og heldige me som fekk høyra den!Det var både spel og song - og det minna svært om musikk eg har høyrt frå India.

Interessant og vakkert.


















Det er kveld og eg skal opp svært tidleg i morgon.
Ute er det mørkt og livleg.

Tankane er mange og planane for neste ferie, er nesten klare.
Det er viktig å gledene på forskot!


Eg sender takknemleg tankar til han som tok meg med hit til dette midtpunktet på jord.


Og tusen takk til alle dykk som har fylgt meg på denne vesle turen!
Det har vore svært hyggjeleg å ha dykk med!



Dersom jorda er rund
og det lyt me rekna med at ho er,
er også dette eit midtpunkt
Olav H Hauge (slik han  ein gong vart sitert under Poesi-festivalen i Ulvik)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar