onsdag 20. september 2017

Salut til sykkel-VM

Sidan eg no har innfunne meg med at sykkel-vm i Bergen er ok, har eg idag leigd meg sykkel. Doningen gjorde si oppgåve og tok meg både på kryss og tvers i nærområdet. 


Etter ein drusteleg frukost tok eg turen til sykkel-utleigen og fekk utdelt det einaste eksemplaret dei hadde av damesykkel. Nøyaktig den same som i fjor, faktisk!
Rusta og fin med korg og verdens tynnaste lås.
Skikkeleg humor!!!!!!

Drusteleg frukost





Det gror i turre hagar også

Avgårde bar det. Sykla innom Nico på stranda "mi" og gav beskjed om mine planar for dagen. Sånn i tilfelle. Vidare i retning Plaka i over 30 grader. 
Passe varmt - kanskje litt i overkant??

I Plaka prøvde eg å finna eit roleg hjørne - noko som i motsetning til nøyaktig same tidspukt i fjor, viste seg å verta vanskeleg. Her vrimla det med folk av mange nasjonaitetar! Men i eit hjørna av Ostria fiskerestaurant fann eg roen, favoritt-utsikta og pennen. Vart sitjande veldig lenge og båtar gjekk både til og frå og mange godbitar vandra framfor kameralinsa.













Etter observasjonar, gresk salat, vatn og 2 x frappe, har eg skreve og observert nok til å halda fram mitt vesle sykkel-VM. 
Det nærmar seg vel også behov for ein dukkert i 33 grader varme.




Det er då tanken på reklamen som til stadigheit dukkar opp - Canadian Furs. Kor Voss også har lurt seg inn....
Frå Heraklion til Agios Nikolaos dukka både bilete og butikkar opp med tilbod om pels. Akkurat no tek eg ikkje den - men kanskje eg bør koma att når det nærmar seg vinter?




2 kommentarer:

  1. Ta eit bad for meg! Helsing Kirsti som sit på kontoret og studerer regnet.

    SvarSlett