Kveld på terrassen |
Det vert mykje sjø og strand og det er det er jo det eg vil ha.
Det vart ein nydeleg kveld på terassen igår, kor eg bestemte meg for å leita opp den avsides liggjande stranda som husverten her anbefalte meg.Det er jo litt godt å vera litt for seg sjølv når ein reiser aleine slik.
I nye sandalar, vandra eg avgårde over stokk og stein, bokstaveleg tala. Enda til slutt nede ved havet igjen og kunne ana at der var det noko føre.
Det rauk frå ein grill og på veg inn var den eine passasjerbåten etter den andre. Til slutt var det 3 svære båtar der og det vrimla av folk. To bittesmå strender og tre gonger så mykje folk som det var plass til.
Så mykje for "very very nice remote beach"
Det var ein fin tur, då. Og eg kan ikkje rekna med å få fine strender heilt for meg sjølv, kan eg vel?
Og no har eg fått tips om ei ny "remote beach". Den skal eg sjekka ut i morgon.
Nokon kalla meg ein gong for "steingalen" og eg står for det.
Nokon mobba meg for at min ryggsekk vog mykje meir enn nokon andre sin ryggsekk på veg jorda rundt på 80-talet.
Nokon mobba meg for at min ryggsekk vog mykje meir enn nokon andre sin ryggsekk på veg jorda rundt på 80-talet.
Nokon lurde på kor mange gonger dei måtte bæra alle steinane mine med seg frå hus til hus??
Svar; Like mange gonger som me flytta!
Her er starten på min siste samling. Det er så mykje vakkert der ute - som gler seg til å havna til pynt oppi mine små glasdingsar i heimen på Norheim.
Svar; Like mange gonger som me flytta!
Her er starten på min siste samling. Det er så mykje vakkert der ute - som gler seg til å havna til pynt oppi mine små glasdingsar i heimen på Norheim.
Kunne vera iteressant å vita kva strender du er på!
SvarSlettDet er her i lokalmiljøet.
SvarSlettDei har lokale namn, men det har eg ikkje festa meg med.
Her sit me, Abbas og eg, i sofakroken og ser ut mot havet som under tunge skyer snart stig over bryggjekanten. Det ausar ned i eit herleg innevær - kor det underlege me ser: På TV-skjermen framstår feststemte Bergen by i strålande sol. 100 vis av VM-sykkelistar frå heile verda trør seg fram på asfalt frå Øygarden til brustein gjennom gater og smau. Tett i tett langs heile løypa står feststemte fargerike festkledte bergensarar, strilar og turistar i alle aldrar. Dei viftar med flagg, dei roper og heiar. Dei hoppar, sprett og dansar. Dei spelar og syng, dei roper og skrattar. Dei viftar med flagg, smiler og ler. Åååååååååå, ein fantastisk folkefest!
SvarSlett