Her er det kun ein som manglar |
Etter ei eviglang reise, har eg sjekka inn på rommet eg har leigd meg gjennom airbnb, men som viser seg å vera meir ein del av eit gjestehus enn eit rom i privat bustad. Her har eg altan og nedanfor er det ein nydeleg liten hage. Minner meg veldig om stader me enda opp i, då me på åtti-talet reiste rundt i verda etter reiseguiden Lonely Planet. Med andre ord, eg kjenner meg heime.

Der hadde eg ein rimeleg god pause, før lufta tok meg vidare til Heraklion.
Det var veldig merkeleg å vera den einaste norsk-talande som stod å venta på kofferten då me kom fram dit. Ein situasjon eg aldri har tenkt på som ein situasjon. Har eg opplevd det før, tru?
![]() |
Finn ein feil. Danske regnklede frå Stockholm. (Funne i magasinet til Easy-jet) |
![]() |
Verdens største heis |
Reisa minner meg meir og meir om -80-talet der eg finn meg ein buss i rett retning. Og etter to bussetappar, kan eg glad og nøgd og trøytt og varm gå av på bestemmelses-staden.
På vegen opp til det som skal vera rommet mitt ei lite veke og to, stikk eg innom Sharon på butikken og helser på. Ei kjekke engelsk dame, som har gifta seg til familie og matvarebutikk på Kreta. Sikkert på 80-talet det også.
Så no set eg på altanen min, med eit glas lokal raudvin, har kjøpt inn lokale daglegvarer som altså nemnde raud-vin, feta-ost og yoghurt og ser fram til ein ny dag i sol og salt sjø i morgon.
Kjekt og godt å lesa dine tankar, ord og gjerningar der du er, her eg i sofakroken med varm morgonte ein typisk våt og grå kaldsleg haustdag fornemmer raudleitt hud og hår som nyt ost og vin i mykje lys og varme. Kos deg! PS: Har du 'og blått hav so langt du ser?
SvarSlettStop Press: .......i natt kom da snø på Dovre og Tromsø
SvarSlett