og oppdagar nye
Så fann eg dei bortgøymde stranda - og i byrjinga var det kun meg sjølv og tre geiter.
Og kollosalt med vind!
Men me er flokkdyr - søkjer saman på stader som til dømes strender. Der ligg me tett i tett, sleikjer sol og badar litt innimellom.
Slik var det her også.
Eg seier me som i arten homo sapiens.
Der fartøy flyta kan.
Fyrste gongen me var her i området, oppdaga båtekspert Thomas, eit fartøy som stod på land og såg ut til å verta sett i stand. Ved nærare augnesyn, konkluderte han med at han muligens hadde vore nokså skeptisk til å ta til havs med den der, om den hadde lagt ut frå kai.Båten står framleis på land (heldigvis) men tanken slår meg kvar gong det dukkar opp eit liknande fartøy full av folk.
Og idag bestemde eg meg likevel for å gjera eit forsøk på å ta ein tur på havet.
Båten var heldigvis av ein anna type og antal ombord 25.
Dessutan er det varmt i sjøen og nært til land, om ulukka skulle vera ute.
Turen var nydeleg. Hyggjelege folk ombord frå mange tungemål. Turen gjekk nøyaktig der Thomas og eg tok turen for tre år sidan, men då i "eiga" skute (hurtigbåt med påhengs)
Denne gongen hadde skuta ein skippar som tok oppgåva si SVÆRT alvorleg - og då meinar eg med stort alvor. Ikkje eit smil var å sjå på heile turen.
Og alle fendrar var ute under heile turen, sånn i tilfelle.
Spinalonga frå baksida |
I knallklart vatn såg eg svært langt og eg venta meg mykje fin fisk i sikte. Men dei var ikkje der idag - bortsett frå ein pitteliten gul ein.
Uansett - det var deilig med bølger og båt. For meg alltid ein fulltreffar.
Kretas svar på Hereiane? |
Ein stad må dei ta byggmaterialet frå - og her vert det bygd.
Det er teikn på velstand og utvikling.
The Hope
I kveld tok eg turen til The Hope - ei nydeleg lita perle av ein restaurant eg ikkje har oppdaga før no.Litt ovanfor byen - men ikkje lengre ann at eg kunne rusla opp på 10 minuttar.
Mykje å sjå på vegen
Fallen flamenco |
Ein einseg liten sqash |
Nokon interessentar der ute? |
![]() |
Huskatten på the Hope |
Då eg kom |
Då eg gjekk |
Kjekt å sjå, og lesa om, korleis du har det ☺
SvarSlettInger, du kan kunsten å vera tilstades, takla, tolka, nyta, slappa av og sleppa inn små og store kvardagslege opplevingar av alt og alle med opne sansar........og dela dei med deg.
SvarSlettInger, årsak "anonym", da e meg!
SvarSlettTusen takk!
SlettMorsom informasjon den der....🤓
Tusen takk!
SlettMorsom informasjon den der, deg ....🤓
Godt å sjå at du nyte feriedagane <3
SvarSlett