tirsdag 26. september 2017

Katten ligg i baldakinen når du kjem


Katten sit 
i tunet 
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

Olav H Hauge





Ut av skalet opplevingar
Ein skal gje seg sjølv noko ekstra når ein er på ferie.
Og eg plar unna meg massasje.
Ikkje av disse som invaderer strendene.
Nei, her må det vera stille og roleg og helst noko indisk musikk i bakgrunnen.
Då greier eg å slappa heilt av.

Og her fekk eg tips om Nicky.

Ei veldig kjekke dame som viste seg å inneha akkurat dei eigenskapane eg set mest pris på i slike samanhengar.


Og etter to behandlingar hjå henne - føler eg meg på vegen til god som ny.
Mange spenningar 
er  vekke.
Også det som har vore litt sånn løye både her og der, er vekke.
Det er så flott!!Og så godt!

Mange takk!!





Og jammen traff eg ikkje på ei skjelpadda på veg heim frå stranda.

Eg såg ei i fjor også, men no var eg så heldig å få koma på kloss hald!
Rett oppi fjøresteinane, på leit etter mat, dreiv den på både vel og lenge, før den tok av ut i djupare farvatn.




Det ryktast at det berre er to skjelpadder att her i farvatnet no. 
Ein han og ei ho.
Det har vore fleire tidlegare.
To er funne livlause i fjøra no i vår/sommar.
Ingen kan forklara kva som skjer.

Det nærmar seg farleg andre farvatn for meg også.
I overmorgon startar heimreisa.
Det er best å nyta det mens ein kan.
Eg vil nyta kvelden på terrassen.


Helsa kalispera på dama på andre sida av vegen.
Lesa litt, eta litt mørk sjokolade og ta det aldeles med ro.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar