Då er eg igang!
Etter å ha vore på jobb, ønska eg sykkel-VM velkomen (eller ikkje - greier ikkje verta heilt sikker på nett det) for så å trekkja med meg den sjølvsagt altfor tunge kofferten, ut på Sydnes til Kjetel og Jim.
Her set eg no og har mange tankar i hovudet! Det er ferie.
Gler eg meg? Er eg nervøs? Blir det bra det her? Har eg bomma fullstendig?
Etter eitt halvt år med regntid, skulle det sjølvsagt skina opp akkurat den dagen ferien starta.
Men som det står på kjøleskapet på min nye arbeidsplass KODE4 i Bergen, "at reise er at leve". Og eg vil leva. Ergo må eg reisa litt.
Eg vender tilbake til min til no favoritt-stad. Ein pitte liten by Thomas og eg vart tipsa om av begeistra vener! Og som me begge fall pladask for. Men denne gongen vender eg ikkje attende til mitt favoritt hotell. Denne gongen har eg leigt meg eit rom via Airbnb og er ganske spent på om det blir like bra som hotell. Eg har pakka med meg alle sommarkleda og sandalane eg ikkje har fått gleda av denne begredelege sommaren. Eg har med lydbøker og strikketøy. Bikiniar og solkrem. Kjem ikkje på noko eg har gløymt. Tvert om.
Klokka veldig tidleg i morgon set eg meg på Bybanen ut til den nye avgangshallen på Flesland, så får berre sykkel-VM gå sin gang.
Når den fyrst er igang, ynskjer eg dei lukke til og håpar veret vert bra så ikkje alt går i dass av den grunn.
Håpar mange har lyst til å fylgja meg på tur i år også!
God tur, Inger! Har du huska paddo?
SvarSlettPaddo er med!!
SlettEg øskjer deg av heile hjartet ein herleg tur!
SvarSlettTusen takk!
SvarSlettInger, å leva det er å reisa. Eg ynskjer eg god feriereise! Må hell og lukka fylgja deg med mykje lys og varme til ditt rom og di strand i ditt favoritt ferieland. Nyt ferien, alt og alle. Me 'lesast'!
SvarSlett....Eg ynskjer DEG god feriereise!
SlettTakk takk 🌞
SvarSlettNye reisemål kan ve' interesante og spanande på mange vis. Ikkje minst matvegen. Ka' ve' du' ha te' middag i dag? (Her vette'da kylling.)
SvarSlett