Det hender ganske ofte at eg må ha litt lett beroligande og
ufarleg hjerne-føde. Då tek
eg gjerne fram ein film frå skapet. Og den filmen heiter gjerne noko slikt som
You’ve Got Mail, Sleepless in Seattle, Mamma
Mia eller noko. I den fyrstnemnde er eitt av favoritt-sitata ca som fylgjer;
Elskar ikkje du også New York om hausten?
Dersom eg hadde visst kven du er, ville eg ha gitt deg ein bukett med nykvessa
blyantar.
I dag set
eg her med ein imaginær bukett med nykvessa blyantar framføre meg. Ved sida av
ligg ein bunke blanke ark. Igjen. Det vil sei, her er det nok nokre av arka som
alt har fått nokre kladdekrussedullar på.
I morgon skal eg ha min siste ordinære arbeidsdag som hotel-resepsjonist på Thon hotel Sandven. Eit hotel eg er svært glad i. Ein jobb eg i 3 ½ år har gått til med krum hals. Ein jobb eg har freista gjort til min etter beste evne. Ein stilling eg med handa på hjarta kan fortelja verda har fått ein svært undervurdert posisjon! Stor respekt til alle hotel-resepsjonistar!

No har eg gjort ei kuvending og er på
full fart attende til kulturbransjen.
Torsdag er eg å finna mellom resepsjonistane på KODE4 i Bergen.
Eg er spent og svært glad for at dei valde nett meg.
Eg skal pendla med buss og dermed ikkje flytta frå Nord-heimen. Eg har tatt ut nok cash til å kunna betala mitt fyrste månadkort Norheimsund – Bergen. Eg har vore på Biblioteket og funne lydbøker, eg har kjøpt meg ein mini dab-radio og har meir enn nok strikketøy.
Eg drøymer om at Skyss og NSB kan finna på at det vil vera lurt å leggja opp rutene etter kvarandre, slik at ein kan gå rett frå bussen over i toget og omvendt. Eg drøymer om at Hordaland fylkeskommune snart skal vedta den planlagde reduseringa av antal soner rundt Bergen.
Eg drøymer om at eg skal få høve til å ta turen innom Den Nasjonale Scene, USF-Verftet eller ein annan kultur-institusjon etter jobb.
Eg har alt gjort avtale om ein kaffi-kopp ilag med vener eg ikkje har vore saman med på veldig, veldig lang tid.

Dette lovar godt for framtida.
Lykke til i ny jobb!!
SvarSlett