Me har vore gjennom den mest begredelege juni månad sidan juni i fjor.
Me har nesten dagleg gått i full regnuniform og dei som syklar har kjent at behovet for hanskar har vore påtrengjande. Det har vore så fuktig, at mi sensor-styrde baderomsvifte, har gått uavladeleg. Natt og dag – uansett om nokon har dusja eller ikkje. Det vart til slutt såpass påtrengjande, at eg beint fram måtte slå den av. Eg vurderte endå til om den burde justerast litt – men no er den heilt musestille. Det er ikkje ein knyst der innefrå.
Du verda kor me har snakka om veret. Ein ting skal dette regnet ha – det gjer oss meir pratsame.
I alle fall oss i turist-bransjen. Som resepsjonist på hotell, må ein gjerne forsvara både norske prisar, smale vegar, stengde vegar og altså veret. Men når det gjeld det sistnemnde, har eg merka meg at gjestene våre absolutt ikkje stiller meg til ansvar for det. Tvert om, nokre tykkjer til og med litt synd i oss. Medan andre har lært seg det norske ordspråket; «Det fins ikkje dårleg ver, berre dårlege kler», framført på eit framandspråk og såleis ikkje går på rim. Tørkerommet i kjellaren, har vore flittig i bruk av gjester på sykkel, om dei kjem på mekaniske eller motoriserte slike. Og medan dei oppheld seg på hotellet, fer dei avgårde, anten det er med båtruta til Eidfjord eller med ein stor, raud Thon-paraply opp til Steinsdalsfossen.
Og når dei sjekkar ut, er dei like blide. Dei skal jo reisa vidare – gjerne heim til mange og tredve varmegrader. Og dei vil koma att til vakre Hardanger.
Vår ven Yr, kan i dag fortelja om opp til
fleire dagar med både sol og stigande varmegrader. Eg har slått graset og sete
i solveggen for å kjenna på det, veret. Og det varma både kropp og sjel.
Me må nyta det medan me kan og leggja det på minne i påkomande tilfelle.
God sommar!
Me må nyta det medan me kan og leggja det på minne i påkomande tilfelle.
God sommar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar