onsdag 19. april 2017

Alder


I morgon er det den 20.april.
Det er namnedagen til Kjellaug og Kjellrun.
Det er fødselsdagen til mange kjende namn - eg nemner Sigmund Freud, Gro Harlem Brundtland, svigermora til bror min, Harold Lloyd.
Adolf Hitler.
Ja, og så meg då.


Eg er ikkje flau over alderen min. Eg vert 57 og det er heilt greitt. Det handlar om at tida framleis kjem til meg. Alternativet kjenner me til og kan ramma oss rett ut av intet.
Det er viktig å leva medan ein er i stand til det og å gjera ut av livet det ein er i stand til å få ut av livet!
Det er fint å ha noko å sjå fram til. Mange ser no fram mot våren, ljoset, hagen og varmen.
Eg ser fram mot hausten og ferie til der kveldane er mørke men framleis varme. Det vert min tredje ferie på eiga hand. Nokon tykkjer eg er tøff og det tykkjer jammen eg også.
Draumen er å ha nok tid og økonomi til å gjera ryggsekkturane frå 1980 - 83 på nytt. Håpar tida kjem til meg lenge nok til at det kan verta ein realitet.


I kveld har eg laga meg ein liten laurdag etter ei lang arbeidsøkt i påskeveka.
Laurdag for meg er å ta meg eit glas raud vin og høyra musikk eg likar. 

Eg les litt eller ser ein kjekk film. Denne gongen såg eg 
Hunt for the wilderpeople av Taika Waititi.
Ei fantastisk overrasking frå New Zealand, tipsa meg av sonen min Gaute. 
Gullkorna kom som perler på ei snor og hovudrollane var ubetalelege!! Handlinga vil eg ikkje røpa, men den var vel verdt ein kveld på sofaen.
Det er så godt å le! Og denne filmen fekk meg til å le sjølv om handlinga omhandla ei så alvorleg sak som barnevern. 


Nemnde eg el-sykkel?
Eg har fått meg el-sykkel!

Det er ein svært barnsleg 57 åring som gler seg seriøst over det nye framkomstmiddelet!! 



1 kommentar: