fredag 24. mars 2017

Rask levering!



Endeleg post i postkassa! Ein konvolutt!
Kanskje brev frå ein av mine to brev-veninner?
Me skriv faktisk brev til kvarandre. På papir. Sendt i konvolutt med frimerke på.
Det anbefalar eg.
Det held handskrifta ved like, noko som faktisk kan koma til nytte ein vakker dag.
Det er også ganske beroligande . Ein får tid til å tenkja medan ein får tankane ned på papriet.

Men attende til konvolutten eg fann i den gule postkassen min.
Den vart forresten måla gul då eg skulle måla over namna som stod der frå før.
Då eg budde på Tverrhovden i Øystese i 1984 saman med Randi og Leif, freista Randi og eg å vera litt kunstneriske og pynta postkassen.
Noko som kanskje vart i meste laget kunstnerisk…
Då eg flytta saman med sambuar og seinare husbond, måla me postkassen gul og med nye namn på.
Dette var i 1987 og slik står den framleis.
Konvolutten, ja. Det var nok ein faktura.
Frå nokon eg hadde gløymt å leggja til i lista over e-faktura avtalar.
Ein faktura pålydande over 3000 kroner.
Datert 08.03.2017. Forfallsdato 01.04.2017.
Men dagen eg plukka opp konvolutten frå den gulmåla postkassen min, synte då vitterleg 20.03.2017.
Altså hadde denne fakturaen brukt 12 dagar frå Grovagjelet til Norheimsvegen!
Det er litt interessant.

For ikkje lenge sidan bestilte eg ei bok frå Amazon.com. The Ashley book of knots. Ein mastodont av ei bok, med mange flotte knutar nydeleg avteikna av Mr. Clifford W. Ashely.
Eit vakkert skue  for auga og lærdom for livet. Eit must for båtfolk og eit sikkert triks til å imponera,  for dei som hugsar knutane når dei treng dei.
Denne boka vart bestilt over internett ein laurdag kveld, seint.
Onsdagen etter var det temmeleg fullt i min gule postkasse. Der låg det nemleg ein pakke frå Amerika. Inni pakken låg The Ashley book of knots.

Det er ikkje det at eg absolutt treng den fakturaen i så veldig god tid før forfallsdato. Det berre slo meg at dette hadde tatt lang tid og at det var interessant.
Det var berre det.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar