Min nye ven Nick, som er ein slags oppsynsmann og båtutleigar på stranda, meinte at eg burde bli att og jobba her i staden.
Verdas beste plass og verdas beste jobb, kunne han fortelja.
No er det kveld. Klokka er åtte lokal tid og det er køla mørkt. Det kan eg lika!
Sirissane spelar. Eg set på terrassen utanfor det akkurat passe store rommet mitt, det er varmt og eg nikosar meg med utsikt til ei flaumbelyst Spinalonga rett fram.
Nokre av dei engelske gjestene på hotellet, gjer seg klare til buffet-middag igjen og stavrar seg nedover bakkane på giganthøge hælar og i korte skjørt. Her er ganske bratt så det er faktisk ein bragd å greia koma velberga ned med helsa i behald i det utstyret. Og då siktar eg til skoa.
I ettermiddag har eg tatt meg ein fotorunde for å lagra minna. Men går det slik eg har tenkt, er eg nok attende til neste år.
Dette har vore umåteleg godt for kropp og sjel. Men du verda kor eg kunne tenkt meg å skru tida attende to år.
Då hadde me sete her med kvar vår Ouzu før me hadde teke turen inn til Elounda for å eta middag. Etterpå hadde me tatt ein Irish Coffee til dessert, før me hadde vandra berrføtte ut att hit. På vegen hadde me tatt eit siste bad på ei mørklagd strand og skrattande lurt oss opp bakvegen til rommet vårt.
Men i morgon er det definitivt heimreis og eg får heldigvis nyta ein frukost til på terrassen før bussen kjem å hentar meg.
Eg har høyrt rykte om at hausten er komen i Norheimsund.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar