Spesielt tenkte eg at det ville vera tilfelle her på Kreta og det var for så vidt greitt.
Det kan vera godt å vera stille og ikkje vera nøydd å forhalda seg til nokon innimellom.
Idag har vore dagen for det omvendte. Starta ved frukostbordet.
På nabobordet sat resepsjonisten frå London. Ho hadde mykje på programmet og ville gjerne dela det med meg.
Ved avgang frå hotellet i retning stranda, traff eg så Robert og Daniel, to karar frå Cambrigde-kanten som er her for 17 år på rad. Særs hyggjelege karar med mykje å fortelja.
Igår var det kun "lazy-day" på stranda. Deilig å ikkje gjera noko anna enn å bada og å lesa! Og til slutt hadde eg fått ein heller sterk rosafarge både framme og bak (mest bak) så det var best å tusla heim til rommet mitt for seriøs aloe-vera behandling.
Etter frukost, starta dagen idag på same måten. Strand og bok. Det var nydeleg temperatur både på land og i havet og eg naut latmannslivet til eg kjende det bobla i huda. Gårsdagen erfaing hadde gitt meg ør litt smerter, noko eg ikkje på nokon måte ynskte å forverra. Difor pakka eg saman og gjekk meg ein lang tur i staden, med planar om å bada når eg kom tilbake.
Eg hadde høyrt om ein "Sunken town" som skulle befinna seg på andre sida av byen. Eg tok sikte på den men den var slett ikkje så lett å observera. Etter det eg har vorte fortalt, er dette restar etter bygningar som på i sine velmaktsdagar låg langt oppå land.
Det skal dessutan vera mogeleg å sjå vakre mosaikk-golv, også utan maske og snorkel, men det har eg enno til gode.
Etter å ha gått på meg nye gnagsår, fann eg det nødvendig å oppsøkja apoteket for å få kjøpt gnagsår-plaster. Der var det for øyeblikket stengt då eg haltande stod for døra. Mine to nye bekjentskap frå Storbritannia, Robert og Daniel, sat rett borti gata, så eg slo meg ned med dei så lenge. Reine lokalmiljøet dette her!! Og plaster vart det.
God bør |
Idag var det også tid for den store "Eg skal eta middag aleina"-prøven. Etter å ha "fasta" sidan frukost, var det heldigvis ikkje noko i vegen med apetitten. Og hotellet skulle ha ein fantastisk buffet, hadde eg lete meg fortelja.
Eg kledde meg opp og møtte i restauranten. Der vart eg tatt imot av hyggjelege folk og plassert MIDT I ROMMET!! Heilt aleina ved eit bord alle måtte passera til og frå buffeten. Naja....
Heldigvis kjende servitøren meg att frå 2014 og trakterte meg på beste måte!! Så eg haldt ut! Åt både forrett, middag og dessert!
Men det vert med denne eine erfaringa i denne omgangen. Maten var fantastisk og hadde eg hatt ete-fylgje, hadde me sikkert sete der framleis. Dersom me ikkje hadde vore i havet på ein natt-dukkert. (Noko som lett vart ein vane då me var her sist)
Dette var noko for meg!! |
Ingen planar for morgondagen - den som ventar ventar sikkert på noko godt!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar