tirsdag 27. september 2016

No (o)livnar det i (E)l(o)undar!


Vakna til den mest fantastiske soloppgang! Etterfulgt av nydeleg  frukost på terrassen.
Perfekt dag for  sykkeltur!
Klokka 10 kom «Rent a Bike» og leverte meg ein sykkel på døra. Ikkje den mest fantastiske innretninga eg har vore borti av sorten, men heilt ok til mitt bruk i dag.

Verdens sikraset sykkellås....
Fyrste strekk var frå hotellet og til Plaka. Ikkje lange beten, men eg kjende frihetsfølelsen kribla i kroppen samstundes som låten «Minute by minute» av og med the Doobie Brothers, surra inni hovudet mitt. «Minute by minute by minute by minute by minute I can hold it on…….. Living on my own ……..” osb.Det er med glede eg merkar at eg er ganske god på å ta meg til rette og til å finna fram på eige hand! Kjenner det litt slik det var å vera på loffen i 1982.....

Då eg kom til Plaka, bestemde eg meg impulsivt for å ta båten over til Spinalonga. 
Øya. Me besøkte den sist me var her også, men då i samband med ein organisert tur i regi av reiseselskapet me reiste med.
No var eg på eige hand og eg kunne tusla rundt på øya så lenge eg hadde lyst.

Idet me skulle leggja til der ute, seier matrosen at me måtte sjå  - og der kom det ei diger skilpadde symjande. Eg har høyrt at det er skilpadder i dette farvatnet, men hadde ikkje rekna med å få sett ei så nært. Men før kameraet var klart, var ho vekke. Så de får berre tru på mitt ord.

Vaskebrett
Det var ganske annleis og mykje betre - å vera på Spinalonga utan guide. Historien hadde eg i hovudet, så å sjå for seg det livet som har vore der ute, gjekk fint når ein kom seg vekk frå stimen av folk.

Øya har ein lang historie – fyrst frå 1500-talet som militært forsvarsområde. Det budde ganske så mange hundre innbyggjarar der i lang tid. Dei bygde opp alt dei trong av infrastruktur på den tida. Imponerande.


Frå 1904 vart ei ny gruppe menneske sende ut på øya og den vart frå då av nytta som leprakoloni. Ei historie mange av oss kjenner til gjennom romanen 
Øya av Victoria Hislop. 
Dei siste flytta til fastlandet i 1957.






Kunne ha budd her, ja....

Vel attende på fastlandet – om ein kan kalla det det då – eg er framleis på ei øy - sykla eg attende i retning Elounda. Hadde ein plan om å nok ein gong trakka i gamle fotspor. For to år sidan, leigde me båt og gjekk gjennom ein smal kanal inn i bukta utanfor byen. Etter det eg kunne hugsa, var det eit ganske flott område av byen. No ville eg sjå det frå land. Alt viser seg å vera mykje nærare enn eg hugsar, så etter å ha sykla altfor langt, fann eg det Eloundiske svar på Key West. 


 
 

Det er varmt og godt på Kreta!
Og havet er bittelitt kjøligare enn lufta. Det vart ein god lang dukkert etter sykkelturen. 


Mat?
Ja – steikt blekksprut og litt gresk salat på hyggjelege Marias Taverna i Plaka.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar