Av min
elskverdige frukostvert på Thon Hotel Åsgårdstrand, vart eg informert om at det
var syklar til låns på hotellet. Strålande! I fyr og flamme gjorde eg meg klar til utfart – på lånt sykkel utan gir og med lite luft i dekka. Det siste fann eg ikkje ut før
eg kom inn på skogs-stien som går langs fjorden til Horten, og då fann eg ut at
kvifor ikkje sykla til Horten og fylla luft der!! Som tenkt så gjort – eg suste
avgårde i retning Horten.
Dette er nok ein mykje brukt tursti for her kom det folk i eitt som helste i aust og vest. Og eg helste att. Med eitt auga på stien og eitt utover fjorden oppdaga eg brått ein stor flokk hegrer som dreiv på å lufta vengjene utpå eit skjer. Eg stansa og måtte kikka litt på det som for meg såg ut som kurtisering på høgt plan.
Heilt nedi fjøresteinane, måtte eg nett testa temperaturen i sjøen – og den var mykje høgare enn forventa! Garantert 17 – 18 grader.

Litt etter openberra det seg noko som var nøydd å vera gravhaugar. Haug på haug. Sidan eg ikkje hadde lese meg opp på noko som helst, svinga eg innom mot eit skilt kor det stod Midgard Historiske senter. PÅ heimesida deira er å lesa fylgjande;
I den vakre Borreparken like nedenfor Midgardsenteret, ligger Nordens største samling av storhauger fra yngre jernalder.
I perioden ca. 600 og 900 e.Kr. ble det bygget ikke mindre enn ni storhauger på Borre. I tillegg ligger det tre store røyser blant storhaugene som bidrar til stedets monumentale karakter. Flere like hauger samlet på ett sted finnes ikke i Nord-Europa.
I tillegg til disse finnes det omtrent 30 mindre gravhauger.
Skikkeleg historisk grunn med andre ord!

Eg susa vidare og kom til Horten framleis med luft i dekka. PÅ vegen hadde eg
truffe ei kjekke dame med el-sykkel og sykkelpumpe. Men diverre passa ikkje
pumpa til mine ventilar, så ho foreslo G-sport butikken. Der var det venlegheita
sjølv som stod bak disken - eller no står vel ikkje nokon bak noko disk i ein
slik butikk lenger…….
![]() |
Kafé Stallen i Horte |
Syster Ingvild ankom Thon Hotel Åsgårdstrand utpå kvelden. Veldig hyggjeleg kveld med mat og drykk og planar for morgondagen. Då skulle me ut på sykkel igjen OG bada!
Morgonen rann og det same gjorde vatnet. Frå oven. Men vestlendingar let seg ikkje skrema av litt regn, så me heiv oss avgårde etter frukost. Ho har etter ganske mange år i området, tillært seg å lesa veret her borte og kunne raskt fastslå at dette ikkje kom til å verta noko lett regnbyge. Her var det meir i vente. Skulle me bada, måtte me gjera det NO! Me fekk nett vrengt av oss før han Tor med hammaren slo laus. Det gnistra og smalt og slusene opna seg! Det vart med ein varm dusj i denne omgangen.
Hakkespett i aksjon i Askim |
Eg har forresten sett 4 elg kloss ivegen mellom Askim og Moss. Det var ganske stilig!!
No er eg innlosjert på Thon Hotel Gardermoen. Her skal eg freista å sova nokre timar før eg kl 07.00 lettar med retning varmare og sydlegare strøk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar