søndag 25. september 2016

Ein reisande vender attende – utan reisefylgje









«Välkommen tilbaka»,  sa den finske dama i resepsjonen! 
«När var det du var här förra?»
- «For to år sidan», svara eg. Då var me to – no er eg aleina.
«Vi kommer att ta väl hand om dig!», sa ho etter at eg hadde forklara henne 
  kvifor eg var aleina denne gongen.

Steikje for ein velkomst!!
 
Så her er eg. Med utsikt mot Spinalonga og 
Bomma litt med antalet, men dog!
badebasseng rett utanfor døra. Ikkje feil det, sjølv om eg føretrekkjer havet! Klokka var sånn 15:00 norsk tid då eg som einaste passasjer på bussen, var sleppt av ved Elounda Blu. Og etter den ovannemnde velkomsten, vart eg frakta til rommet med ein slik liten golf-bil, de veit. Den unge, kjekke sjåføren spurde om eg hadde vore på Kreta før og eg svara 5 gonger som sant var. Og då eg  på oppfylgjings- spørsmålet «Where on Crete?» kunne svara mellom anna her, snudde han seg og sa «Oh, I remember you!» Kanskje sant og ikkje så rart, tenkte eg. Han Thomas og eg representeret  ikkje heilt akkurat A4-gjesten ved dette etablissementet, då me var her ei veke for to år sidan. BADA – var det fyrste eg tenkte på. Pakka bok og handkle i sekken og strauk på dør omtrent med det same eg var komen inn. Men då eg kom ned til vegen, kom bussen inn til byen og eg heiv meg på. Ein buss full av danskar, men det gjekk bra. Eg sa ikkje noko, eg. Då mine gamle solbriller knakk sund i Berlin, var det ein viktig ting å få tak i, i tillegg til raudvin og ost. Å koma inn til Elounda-by, var nett som å koma til Norheimsund sentrum – Grova. I alle fall nesten. Tok straka vegen inn på den matbutikken (Supermarket) me brukte sist og der var same dama i kassen og same bildene av besteforeldrene på hylla. Eg handla det eg trong og tok sikte på å gå ut att til hotellet og stranda. Svinga nett innom butikken til dama som har ALT i krydder og hudpleieprodukt av oliven og aloe vera og som ikkje kan engelsk. Kikka også innom tavernaen med dei hyperkjekke servitørane. Så bar det ut att til vika nedanfor hotellet og rett i havet!
Sol, varmt, litt vind.
 

Har ei kjensle av at dagen i morgon vert tilbakelagt på sykkel – og så får me sjå.

1 kommentar: