![]() |
Over Danmark |
Etter ein særdeles travel sommar på Thon hotel Sandven, er det endeleg tid for to
vekers ferie!!
Og del ein av ei lenge planlagd reise, er i så måte gjennomført.
Eg er vel framme i Åsgårdstrand etter to dagar i Berlin.
Fyrste delen av retur Berlin gjekk med tog frå Schöneberg til Schönefeld.
Ute i svært god tid, som alltid, var eg sjekka inn og gjennom sikkerhetskontrollen på eit blunk!

Det vart tid til kaffi, pastasalat og bok – før det bar opp i lufta mot Gardermoen.
Planen vidare var tog til Holmestrand og buss til Åsgårdstrand. Denne delen av reisa lyt berre få plass fyrst då den er ferskast og ganske begivenhetsrik, for
å seia det på godt nynorsk!
Tog til Holmestrand gjekk som ei kule og det same med bussen vidare.
Men anten hadde eg sett feil i rutene eller så var eg litt uheldig, men bussen gjekk kun til Horten. I fyrste omgang.
Der vart det ei ventetid på 50 minuttar – til då bussen som skulle frakta meg til forgjettede Åsgårdstrand, skulle koma.

Heilt aleine på Horten Bussterminal.
Med ein diger koffert og ein jysla tung ryggsekk. Har pakka for tre årstider, må veta. Og som nemnt, ei god bok med ein spanande slutt i sikte - som også tilfeldigvis utspelar seg her i distriktet!!
Etter kvart fekk eg
selskap. Og selskapet var både orginalt og utadvendt for å sei det forsiktig.
Den eine i selskapet var ikkje snauare enn at han ut frå storleiken på kofferten, meinte eg måtte ha reist langt! Og då den hin høyrde eg kom lika frå Berlin, vart det både tyske lieder og ein liten intern konkurranse dei i mellom, om sine erfaringar frå Berlin.
Då bussen kom, var eg full av røykelukt og tappa for den informasjonen eg fann det forsvarleg å sleppa frå meg angåande reisa mi.
På vegen frå Horten sat han som song tyske lieder – og noterte alle stoppestadane i ei lita bok. Interessant!

Berlin!
Kjekkt er det å finna fram til og å sjå kjende landemerke.
Endå kjekkare er det å treffa folk som ein faktisk kan kommunisera med på same språk! Tusen takk til Lars Ove som tok oss med til Bremen i 1997 - 98!!
Pariserplatz, kor det over ein lengre periode var totalt tomt. På grensa mellom aust og vest. Kor ein også finn Brandenburger Tor.
![]() |
Bildet funne på Wikipedia (då det var mykje betre enn mitt....) |
No er plassen komen til heder og verdighet igjen.
Det legendariske Hotel Adlon ligg her. Opprinneleg opna i 1907, men vart totalskada i 1945. Ein liten fløy som stod att, vart likevel halden i drift fram til 1984.
Hotellet som eg fekk lov å ta ein kikk inn i (men ikkje ta bilder), vart opna 23. august 1997. Ein heilt ny bygning inspirert av den opprinnelege.
Der skal eg bestemt drikka ein kopp te ein dag!

Minnesmerke over dei falne Jødane i Europa.
Riksdagen.
Eg var diverre for seint ute til å få tilgang til det aller helligaste! Så då tok eg til takke med det nest beste.
Eit lite drypp av Berlin, som sagt. Eg gler meg til neste møte.

toppen av Thon Hotel Åsgårdstrand med utsikt rett over til Bastøy.
I frukostsalen vart eg hjarteleg servert og traktert av ein vassekta Sørfjøring/Odding. (E da Oddingar her, so hald ihop, heiter det jo - sjølv om eg berre har etternamnet)
Jammen er eg
på tur igjen!
Og resten av reisa kjem litt dag for dag!
Det gler meg om nokon vil fylgja med på reisa.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar