fredag 26. august 2016

Aleine ilag.


(Bildet er lasta ned frå skarven.no)
Det er heilt sikkert mange som har tenkt på at det går an å vera einsam blant mange.
Men kanskje færre som har tenkt over at det går an å vera aleine ilag med nokon.

Då tenkjer eg på situasjonar der ein kjenner så godt dei ein er saman med, at ein ikkje kjenner noko som helst behov for å tenkja seg om. Ein kan rapa og fisa og gå på do og sova og snorka og hosta og harka. Og det er heilt naturleg og det kjem heller ingen korreks frå andre i nært tilvære.
Når ein skal ordleggja seg kring dette tema, kan ein fort hamna i «personleg-fella». Eg ynskjer med dette vesle innlegget og belysa tema på generell basis. Slik folk flest har det eller ikkje har det.

Det å ha nokon å vera aleine saman med,  kan vera eit sakn når ein faktisk er heilt aleine. Greitt nok – det er ingen som kommenterer eller korrigerer, noko som er ganske deilig. Det er heller ikkje eit tema. Men det er likevel noko som manglar. Nokon som er der, men som ikkje seier noko fordi dei aksepterer deg nett slik du er.
Ikkje ein gong saman med dei du bur med, er det ein sjølvfylge å ha det slik. Det kan vera anstrengjande med selskap heile tida og ein må ha eit rom, ei hytte, eit anna land, ein verkstad eller ein båt, kor ein kan vera seg sjølv og slappa heilt av.
Likevel held ein ut saman med dei ein bur med, for det er trygt og godt og det går stort sett bra. Ein har nokon å koma heim att til.

No er det snart eitt år sidan eg testa ferielivet utan reisefylgje. Det var ikkje fyrste gongen eg gjorde det. I ungdomen tok eg rett som det var ut på tur med saman med ryggsekken. Og i fjor september var det kofferten og eg som drog i veg til Kreta. Det var ei interessann og merkverdig oppleving. Det var som å vera på treningsleir i å vera stille. Eller på retreat som det heiter innanfor ulike religiøse retningar.
Eg prøvde så godt eg kunne å starta ein samtale med dei det fall seg naturleg å gjera slikt med – utan å lukkast. Vel er eg sjenert av natur, men litt prat til frukost eller over til nabo-verandaen,  torer eg meg no endeleg på. Også til ukjende. Det synte seg å ikkje å vera så enkelt – då dei rundt meg var to eller fleire personar ilag, som treivst best i eige selskap.
Dette førte til at eg, bak boka mi (litt sånn spion), vart sitjande å studera korleis relasjonane innad i disse små gruppene utarta seg. Kunne dei avslappa vera stille ilag – eller var det noko anstrengjande over dei når det var heilt taust? Måtte dei snakka heile tida? Var det ein avslappa koseprat eller var det ein forpliktande prat for å unngå pinleg  taushet? Likte dei kvarandre eller haldt dei på å irritera livet av kvarandre, og kanskje av den grunn var litt misunneleg på ho dama borti kroken (meg).
Det vart svært så interessant og eg skulle gjerne sett om resultatet mitt stemde med realitetane.

Det nærmar seg ei ny veke under fjernare himmelstrok. Også denne gongen i eige selskap. Det kan verta ein ny retreat eller ikkje. Det vil tida visa. Eg er uansett førebudd på eit nytt forskningsopphald.

I dag har eg hatt blodpølse og steikte eple til middag.
Det var godt.

1 kommentar: