onsdag 27. juli 2016

Ein hennablogg.

Blogg.
Rosa, blå, raud, grøn eller gul. Sikkert lilla også. Min er hennafarga. Ein hennablogg.
Ved nærare ettersyn, ser eg no at det er lite henna her då – anna enn i mitt hår.
Så det har eg tenkt å gjera noko med.

Henna (Lawsonia inermis) er ein busk i planteslekta Lawsonia som tilhøyrer  kattehalefamilien.
Busken har gulkvite blomar, finst berre i varmare strøk frå Aust-Afrika til det nordlige Australia. Menvert også dyrka i andre tropiske områder. Av rota får ein det raude fargestoffet henna.
Blomane kan brukast til parfyme eller fotbalsamering. Av frøa vert det pressa ei feit olje som tidigare vart brukt i Sudan til å smørja på kroppen.
Det raude fargestoffet vert brukt som dekorasjon på hender, føter og ellers på kroppen, gjerne i samband med brudlaup.

Denne busken kom inn i livet mitt i 1992. Som ein konsekvens av å få to søner med raudt hår.
Eg hadde sjølv eit museblondt hår og følte eit intenst behov for å å gjera ei endring med det. Men å prøva å ta henna i håret, var eg litt nervøs for, då det vart svart endeleg og eg var redd det skulle verta altfor knallraudt!!
Så Det var duka for litt prøving og ikkje minst feiling. Research!
Å blanda hennapulveret med kaffi gjorde susen! Eit koparfarga hår var resultatet.
Og det har eg no haldt på med sidan.
Sjølve fargeprosessen er eit kapittel for seg, og det var ikkje gjort i ei handvending! 

Fyrst utblanding av hennapulver i kaffi, ha dette i håret. Det lukta skikkeleg gras! Og gras med eit snev av kaffi…….. Naja.
Denne grauten gjekk eg med i timavis for til slutt å skylja det ut. Og  resultatet var like spanande kvar gong.
Ein fela prosess – men dette skal vera i tillegg til fargen, er dette sunt for håret.

Dette vart liksom ein del livsstilen og ikkje minst av personlegheita.
Så då eg i det siste har  vorte noko meir bedageleg anlagt,  har behovet for ein enklare fargeprosess meldt seg. Eg har til og med vurdert å slutta med heile greia – og eg har to gonger klyppt alt håret av for å få ut att min naturlege farge. Men då har det gått maks to veker, så har hennaen vore på plass att.

Men så dukka den fantastiske Henna-kremfarge opp. På Kinsarvik Naturkost hadde dei fått inn noko som virka svært lovande! I fleire nyansar;  kopar og mahogni.Dette har eg no brukt over tid og eg svært nøgd. Litt dusare farge – men det går fint. Dama har jo etter kvart nådd ein anstendig alder og då høver det å dempa seg ør litt.
Eller??

2 kommentarer:

  1. Ingen demping før om vel 40 år! Kjør på!

    SvarSlett
  2. Ingen demping før om vel 40 år! Kjør på!

    SvarSlett