mandag 29. august 2016

Drengjen har flytta te Byd’n

Med ein «plen» det for meg tek 1,5 timar å slå, og som bør verta slått kvar veke då det ellers vert uhaldbart tungt å slå, merkar eg godt at drengjen har flytta.
Eg har vore bortskjemt med son i kjellaren det siste året og alt slikt tungarbeid har vore utført av han.

Men i går og i dag har eg vore slåttetaus.
Med Miles på øyra frå ein snedden liten mp3 spelar, tenkte eg at dette skulle gå unna som ein røyk.
Men der tok eg feil. Å slå disse kvadratmetarane med gras er reine akrobatikken. Opp og nedad bakke, som igjen skrår. Gamle stubbar frå epletre og hekk, rododendronar som breier seg ut over noko gras som absolutt burde vore slått, bringebærbuskar som sikkert skulle vore trimma litt. Eg nemner i fleng.

Men som sagt, alt går betre med litt musikk på øyra!
Midt i slåtten byrja same songen å spela oppatt og oppatt. Denne teknikken, tenkte eg  – hadde vel vore bort ein eller annan tast i min iver.
Og etter litt instilling, starta eg på ny frisk musikk som spela slik den skulle.
Men akk – der vikla leidingen på øyreproppane seg inn i eitt eller anna og det vart stilt i øyrene. Prøvde då å ha leidningen på ryggen og mp3 spelaren i baklomma. Yesss, det funka! Eller nei. Etter å ha bøygd meg ned for å fjerna noko kvist, var musikken vekke igjen….. Då hadde bukselomma slått av heile greia.
Vel – påan igjen!
Resten av turen gjekk fint, så no skal eg ta meg ein velfortjent kvil, før eg skal på jobb.
Etter at eg har luka og flytta på ymse greier eg oppdaga på mi ferd gjennom graset.

KJEMPESKOY dette!! Ikkje løye det tek lang tid å slå plen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar