I slutten av veke 29 2015, var det planen å køyra frå Molde
via Hotel Union Øye og heim til Norheimsund.
Det vart det ikkje noko av. Difor var det desto viktigare for meg, å få gjennomført denne vesle reisa i Midt Norge, på slutten av veke 29 2016.
Kvifor veke 29?
Det er Moldejazz og dei siste åra har Thomas henta meg der. Det har blitt ei lita reise attende, kor me har besøkt stader me fann på undervegs.
Men Øye Union var planlagt. Både på grunn av at det er eit vakkert bevart hotell fullt av historikk i veggene og fordi det ligg i ein heilt vill natur. Men også på grunn av min tidlegare kollega Kathrine Øye, som har vendt heim att til sitt kjære rike.

Reisa gjekk med buss, med nok ein buss, med ei ferje som eg
ei stund var litt uroleg for ikkje skulle gå. Og til slutt ein minibuss, som
berre går på kvardagar, køyrd av ein svensk sjåfør som har budd her i ca 25 år.
Mykje ein får med seg som einaste passasjer. Ikkje rart at bussen kun går på
kvardagar.
På vegen stansa me ved butikken på Urke, kor dei reklamerte
for Fjell Bingo! Det var noko for meg – skap-bingo-spelar som eg er.
Thomas og eg hadde opprinneleg tinga Karen Blixen rommet. Men då det no var
opptatt, vart eg innstallert i Roald Amundsen rommet.
Med Slogen i augnesyn frå senga og
minnene om ein vintermann med utferdstrong, passa det eigentleg mykje betre.

I kveld er det duka for middag med påfygjande historiefortljing attåt kaffien. Eg gler meg!
Enn så lenge, set eg i hagen med pc’en på eit marmorbord, ein tekopp og gler
meg til å utforska meir i morgon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar