
Me hadde mange å dela ut, men hadde altså og nokre att.
Då eg kom heim, sette eg dei i vatn og dei stod fine ganske lenge.
Heilt til eg ein dag såg at sjølve rosene var totalt inntørka.
Det som var rart, var at stilkane framleis var grøne og nye grøne blad spratt ut.
Slik har dei haldt på fram til no.
Eg har bytt vatn etter beste evne og passa litt på disse rosene mine.
Den 3. juni oppdaga eg noko nytt i blomevasen.
Stilken på den eine av dei to rosene, var tørka heilt inn.
Den var svart og dei grøne blada var borte.
Den andre derimot, såg ut som den hadde tenkt å stå ei stund til.
Og
der tyt det ut med nye blad.
At
det no er eitt år sidan Thomas døydde, er sikkert heilt
tilfeldig.
Eller ikkje.
Han var der saman med vener og me hadde ein prat kring båtbyggjing i tre og plast.
Han hadde skreve ei lærebok om faget og den fekk eg av han.
Etter at han døydde, har det vore svært viktig for meg å ha noko fysisk att etter han.
Og denne boka har eg leita etter men ikkje funne.
Idag fann eg den og ser no at han har skreve ei lita helsing inni.
Dette var kjekkt å finna.
Og det var og kjekkt å tenkja på at dette var år før me møttest att for å finna ut at det kanskje kunne bli oss to ei stund. Det fyrste møte, som i realiteten visstnok var det andre, var med andre ord eit heilt alminneleg møte som så mange andre.
Ellers
så har eg planta noko heilt enormt med tomater.
Og ber dei frukt til slutt, kan det verta mykje spagettisaus frametter.
Jammen er det mykje mellom himmel og jord me ikkje har kontroll på.
Og ber dei frukt til slutt, kan det verta mykje spagettisaus frametter.
Jammen er det mykje mellom himmel og jord me ikkje har kontroll på.
Peace and love <3
SvarSlett