3 rettar som vart til 5 .
No er eg frykteleg mett!!
Like mett som eg var då eg vitja bufféen på Kviknes Hotel i Balestrand.

Då prøvde eg å få lindring med å gå opp dei 7 etasjane til
rommet vårt – noko som ikkje hjalp i det heile.
Her har eg tydd til Underberg. Det hjalp!
Det er den 22. juli og tankane går stadig til Oslo og Utøya.
Mi oppleving av sistnemnde, hugsar eg som det var i går, der me sat og ante fred og ingen fare på Hjertøya utanfor Molde.
Nyhendet kom dettande rett i fjeset på oss via ein den gong, nyerverva ipad som ein av dei som sat ved bordet vårt hadde.
Filmen der han som sende den, spring rundt i ruinane og ropar, vart sendt til vår bord-nabo idet det skjedde . Det var sterkt!
Når me i etterkant veit det me veit og har erfart konsekvensane, er det heile endå meir ufatteleg.

Det er kjekkast å vera to – men det er greitt å vera ein
også.
Og det er betre å vera ein enn å verta to berre fordi ein er ein.
Det var fint her på Hotel Union Øye. Me var to som var ein, og fekk lov til det.
Ein annan stad eg var, vart eg plassert saman med den andre som var ein, og det vart heller kleint.

Før forrett ; kylling og Waldorf-salat versjon – forrett; NYYYYYDELEG
fiskesuppe og knallvarme spesial-rundstykker for oss som ikkje kan ha
kveitemjøl – mellomrett; sitron-sorbet – hovudrett; breiflabb – dessert; sjokoladefromage
og bananis!!
Hjelpemeg!
Hjelpemeg!
Då eg venta på hovudretten, sette
det seg ei floge ved bordet mitt og
starta ein stor renselsesprosess. Har aldri sett makan. Synd eg ikkje hadde
tatt med noko å ta bilde med! Det var under og oppå, bakpart, bein og vengjer. Det
varte og rakk, og det same kva eg gjorde, rikka den seg ikkje.
Tilslutt kom maten og eg prøvde å jaga den vekk. Det ville den ikkje. Floger er rare! Kor stor hjerne har dei mon tru?

Det lyner og tordnar. Snart er det tid for historiar om
hotellet ispedd litt historiar om spøkelser.
Eg vil gjerne ha besøk i natt – men ikkje av den dama som går att!
Men kanskje Karen Blixen vil henta skoa sine??
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar