lørdag 23. juli 2016

Lygnstøylsvatnet


Kor skal eg byrja??
No har eg gjort det!
Eg har snorkla i Lygnstøylsvatnet!

Ein idé eg ein gong fekk av  sonen min Gaute og som var eitt av måla med å koma hit til Øye.
Livet er ei direktesending, som mitt nye bekjentskap frå i går sa så beteiknande.
Det er berre å få med seg det som er.

Lygnstøylsvatnet .
Eit vatn som vart til då deler av av fjellet Keipen rasa ut i 1908. Dette raset tetta utløpet til elva som rann forbi setra som låg der mest sannsynleg kalla Lygnstøylen,  og etter nokre dagar byrja vatnet å stiga. Snart fløymde vatnet over både  vegar, stiar, tre, stølshus og ikkje minst stabbesteinar.  
Tuftene ligg kun på få meters djup og kan også sjåast frå land. Men å ta på maska og snorkelen og dukka inn i denne verda, var heilt spesielt! Fullstendig to ulike verdenar! Heilt umogeleg å beskriva. Stille, stille, stille - diffust og grått, mest som ein overskya haustdag  – i kontrast til lys og knallsterk sommarsol på land .
Heldigvis var eg ikkje heilt aleine i vatnet – det ville nesten vore litt skummelt. To andre var på veg uti med fullt utstyr og flasker. Han eine hadde vore der tidlegare og kunne fortelja meg kor det var lurt å ta seg fram.

Og der dukka det opp...  





Fyrst vegen med stabbesteinane, som førte meg vidare til den fyrste grunnmuren. Der hadde nokon plassert ei bitte lita flaggstang med eit norsk flagg.

Vegen gjekk vidare og det var fullstendig altoppslukande. Eg kjende ikkje eingong at eg vart kald . Vegar og stabbesteinar, ein grunnmur til og der dukka det opp ei bru! Og litt lenger borte låg det att samanrasa reisverk for det som ein gong hadde vore eit hus. Fasinerande!

Til slutt merka eg at eg var både svimmel og kald, turen var over og det var berre å koma seg til lands. Etter å ha vrengt av meg det våte, freista eg å få med meg litt av det eg hadde sett i form av bilete. På langt nær det same!

Som eit naturleg minnesmerke over det som hende, står den der, den enorme bautaen i nordenden av vatnet. Den har fått namnet Gangerolv

Området her er fullt av fasinerande syn. Eg er fullstendig bergteken – bokstaveleg tala!  


Eg fekk ikkje besøk på rommet i natt – verken av det eine eller det andre spøkelset!

2 kommentarer:

  1. Fantastisk :D Helt utrolig alt du får gjort og så fantastisk å få "vere med" Du beskriver så godt at jeg følte jeg var der :D Tusen takk Inger :D Klemmer fra Bente Gandrudbakken

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk tilbake, Bente!! KJekkt å dela.

      Slett