torsdag 5. mai 2016

Å vaska golv er ikkje det det ein gong var


Igår oppdaga eg at det å vaska golv ikkje berre er å vaska eit golv lenger.
Og at eg treng seriøs hjelp til å få golvet i mitt nye ny-oppussa husvære, reint.

Då eg budde oppe, hadde eg heilt vanlege lakka tregolv. Fure eller gran. Litt usikker på nett det.
No har eg flytta ned ein etasje, kor det er eit mørkt-brunt golv, av typen parkett (trur eg).
Veldig flott og veldig mørkt. Og noko med det fyrste eg oppdaga med dette golvet, var at det sette fotavtrykk. Me kunne til ei kvar tid, sjå kven som hadde bevega seg rundt og kvar denne personen hadde bevega seg.
Rett nok er dette kanskje av den fordelen at eg faktisk vaskar golvet noko oftare enn eg brukte å gjera . Men problemet er at det heller ikkje då seg reint ut.
Kan det ha med vaskereidskapane å gjera?
Eg nyttar ein heilt alminneleg ergometisk mopp av typen«Ergo-line», distribuert av Eidsvoll Industrier, kjøpt av Eline på -90-talet. Til denne skal ein kun nytta vatn. Men slik eg ser det, kan dette umogeleg vera nok i mitt tilfelle.

Eit raskt søk på internettet, gjorde meg alt anna enn opplyst, og dollarteikna svirra for mitt indre auge.
Her var det mange hjelpemidlar å henta – berre det at dei kosta ei formue.
Og eg som hadde investert i denne fantastiske moppen, for å kun nytta vatn som vaskemiddel!

Då eg etter at golvet hadde turka og eg oppdaga at det hadde fått ein heller gråaktig patina, tok eg føre meg prosessen ein gong til, i håp om at det ville betra seg. Men nei – spora etter moppen var meir enn tydeleg og eg har på det noverande tidspunkt gitt opp.

Det vil sei – det har eg ikkje!
Eg har bestemt meg for å spørja om hjelp hjå fagfolk!
Altså dykk. 
Lesarane.

Gode og billege tips vert mottekne med takk!

1 kommentar:

  1. den moppen er Mikrofiber. kanskje golvet ditt ikkje vil ha det? Mine olja golv skal ikkje ha mikrofiber fordi det dreg av olja. heller ikkje bona golv skal ha mikrofiber.... dette lærte me den gongen me handla utstyret av eline :) Klem frå Merethe

    SvarSlett