På eit tidspunkt
der eg var litt leselei ( om det går an å seia det), spurde eg
veninna mi, som er bibliotekar på Lillehammer, om ho hadde noko tips
til god lesnad.
Ho kjenner meg godt, frå langt attende, så eg rekna med at dette var ei sikker kjelde til denne typen opplysningar.
Eg likar godt bøkene til Lars Mytting, svara ho.
Javel? Kven er det? Eg får sjekka ut kva den karen har å by på eg då.
Ikkje hugsa eg namnet – noko som seier litt om kor fort det er å gløyma folk i media. Eller kor fort eg gløymer namn i media, i flaumen av nye namn.
Lars Mytting var sjølvaste Vedmannen!
Og lite visste eg at han hadde langt anna å by på, enn berre ved .

Eg
starta friskt med den siste boka hans Svøm med dem som
drukner.
Steikje! Kven i all verda er det for ein person som kan skriva slik!! Eg var fullstendig bergteken.
Alt eg hadde tenkt å få gjort i påska, gjekk fløyten. Eg måtte berre lesa. Og sidan eg er av den typen som les litt seint, og eg i tillegg var på jobb kvar dag, gjekk all fritida med til det. Lett akkopagnert av NRK jazz frå digitalradioen.

Eg støtta meg nok ein gong til internettet
og fann ut at Mytting har skreve to andre bøker i tillegg til den
eg las i og den berømte vedboka.
Han hadde vore gardagut i Canada og var glad i gamle bilar. Han hadde også vore innom det militære ein tur og virka ellers til å vera ein heilt vanleg bygdagut som bur med familien sin på Elverum.
Eller vanleg ?
Eg bestemde meg der og då for å starta med starten, og rigga meg til med Hestekrefter.
To sider og eg hadde scenane heilt klart i hovudet. Her var det eit fasinerande språk, med tal og bokstavar i ymse samansetningar, som etter å ha sjekka litt, viste seg å vera biltypar, motorar og verktøy til å fiksa slike med. Men uansett om eg kun har erfaring med min gamle Volvo 144 med B20 motor, let eg meg lett dra inn i livet og historia til Erik Fyksen.
Måtte det aldri ta slutt, tenkte eg då eg såg slutten nærma seg.

No er eg djupt
inni Vårofferet. Og det same skjer.
Kva er det med orda til Lars Mytting?
Kva er det med orda til Lars Mytting?
Epilog:
Ein eg vil påstå at ein eg kjende svært godt, ville ha slukt disse bøkene. I alle fall ut frå slik eg kjende han. Kanskje han gjorde det også? Utan at eg fekk det med meg?
Dersom ikkje, vonar eg dei finst i undervannsutgåver, slik at han kan lesa dei der han er no.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar